fredag 23. desember 2016

Praktærfugl, småspove og tundragås 13.-21. desember 2016

Normalt så er desember den rolegaste månaden i året på fuglefronten. I år vart det ikkje heilt slik. Det heile starta med havsvala som eg skreiv om i det forrige blogginnlegget. Dagen etter kom eg over ei praktærfuglhoe ved Voksevegen på sørsida av Sandsøya. Denne høgarktiske arten, som er svært uvanlig å sjå i Sør-Norge, hadde eg aldri sett før. Den vart då min 225. fugleart på Sandsøya og Voksa, og min andre nye art for øyane i 2016. Den forrige nye arten var trielen som eg såg på Sandsøya i mai. Praktærfuglen vart berre sett ettermiddagen den 13. desember. Dagen etter var den sporlaust borte...

Praktærfugl 1K+ F, Voksevegen 13. desember 2016

Praktærfugl 1K+ F, Voksevegen 13. desember 2016
Her med ei hofarga sjøorre til venstre. 


Vinterfunn av SMÅSPOVE(!)
Dagen etter det igjen, altså den 14. desember, kom eg over noko som var endå sjeldnare. Her var det ikkje arten som var sjelden, men tidspunktet den vart observert på. Arten det var snakk var SMÅSPOVE. Spova vart sett i lag med ei flokk storspover på Sande på sørsida av Sandsøya. Småspova, som er ein vanlig hekkefugl her til lands, overvintrar hovudsaklig i Afrika og er uvanlig å sjå i Europa vinterstid. I Norge minkar antallet utover i september, og frå oktober og utover er den svært sjeldan å sjå. Det er ein del funn frå oktober og november frå tidligare år, men vinterfunn, altså funn frå desember, januar og februar, er det ikkje mange av. Etter det eg har funne ut, så er det snakk om berre eit par handfullar med vinterfunn frå tidligare år. På www.artsobservasjoner.no ligg der ute to vinterobservasjonar av småspove, ein frå 28. desember 1972, og ein frå 31. januar 2010. Ingen av desse funna er så vidt som eg veit dokumenterte, og dermed kan ein jo alltids stille eit spørsmålsteikn rundt observasjonen. I tillegg til desse har det i følge Norsk vinterfuglatlas blitt observert småspove seks gongar vinterstid. I verste tilfelle så har eg altså det 9. vinterfunnet av arten i Norge. Med så få vinterfunn, er det jo ingen tvil om at småspova ikkje akkurat er talrik i Norge i vintermånadane. 

Småspova vart på nytt observert den 21. desember, denne gongen også på sørsida av Sandsøya, nærmare bestemt i Kinna nokre hundre meter lenger vest frå der den blei sett sist. Den holdt seg då i lag med ei flokk på 17 storspover. Småspova var kvikk og rask og i fin form. Med ein så mild vinter som vi har hatt til no, så har ikkje spova hatt store problem. Høgst trulig så vil den greie seg greit gjennom vinteren, visst den då ikkje bestemmer seg for å trekke mot sørligare breddegrader. 

Småspove, Sande, Sandsøya 14. desember 2016
Her i lag med ei storspove (t.v.).

Småspove, Sande, Sandsøya 14. desember 2016

Småspove, Sande, Sandsøya 14. desember 2016
Her er småspova t.v. og ei storspove t.h.

Småspove, Kinna, Sandsøya 21. desember 2016
Her i lag med storspover.

Småspove, Kinna, Sandsøya 21. desember 2016


Mykje tundragjess i farta...
I løpet av den siste veka har det dukka opp eit bra antall tundragjess langs Norskekysten. Her i fylket vart det for eksempel observert ei flokk på småpene 103 ind. på Aukra 18. desember. Den samme dagen vart det også sett ei flokk på 65 ind. på Giske utanfor Ålesund. I og med at det har vorte sett så mykje tundragås, så har eg jo berre venta på at det skulle dukke opp nokre her også. På Voksa brukar det ofte å raste flokkar vinterstid, av dei artane med gås som er i området. Då eg sjekka Voksa for nokre dagar sidan var det ingen gjess å sjå. I forgårs då eg kom igjen på ferja, kom det derimot flygande ei flokk med tundragås og landa på markane litt nordvest for ferjekaia. Denne flokka var på 41 ind., noko som eg i farta trur må vere det høgste antallet eg har hatt i ei flokk her på øyane. I lag med desse gjessene vart det også sett ei kvitkinngås

Desse tundragjessene er av den austlige underarten, albifrons, som hekkar på den sibirske tundraen. I enkelte av flokkane med tundragås som har blitt sett rundt omkring, har det også vorte sett sædgås av underarten rossicus. Dette er også fuglar som hekkar på tundraen i Sibir. Kanskje dukkar det opp nokre av dei også her etterkvart...

Tundragjess ua. albifrons, Voksa 21. desember 2016

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar