torsdag 30. mars 2017

Haukugle

Haukugle er ein art eg lenge har håpt skulle dukke opp, her eg bur på Sandsøya og Voksa heilt sør i Møre og Romsdal. Pr dags dato så har eg sett 225 artar på øyane, og å supplere ei haukugle til denne artslista, hadde eg ikkje hatt noko i mot. Enn så lenge så må eg nok berre smøre meg med tolmodigheit, for tross stor feltaktivitet dei siste åra, har eg så langt ikkje greid å lokalisere ei einaste ei. Heller ikkje i fjor haust eller førjulsvinter vart det observert ei her på øyane, dette til tross for at det var ein stor invasjon av arten i Sør-Norge. Haukugla er i følge Norsk fugleatlas påvist hekkande fleire gongar i Møre og Romsdal. Dette er då i hovudsak i indre og nordlige delar av fylket. Her i sørlige delar av Møre og Romsdal, var det då Norsk fugleatlas blei utgitt i 1994, påvist berre to hekkefunn. Mykje tyder på at haukugla har hekka her i sør etter dette, men ikkje mange gongar. Haukugla hekkar hovudsaklig i bjørkebeltet og i høgareliggande barskog. Den er påvist hekkande i så og seie alle landets fylker, men på vestlandet er den altså uhyre sjelden. Den er avhengig av open skog med lite markvegetasjon. Den kan også hekke i lignande habitat i lavlandet, noko ein finn på/ved hogstflater. Haukugla hekkar i områder med rikelig med smågnagarar. Hovuddietten er smågnagarar og spissmus, men den kan også ta fugl opp i rypestørrelse.

Haukugla er ein nomade, som flyttar seg dit maten er. Og sviktar næringsgrunnlaget der dei oppheld seg, kanskje i kombinasjon med at dei har hatt ein god ungeproduksjon det året, så ligg alt til rette for at ein kan få ein invasjonsarta opptreden, slik som vi enkelte plassar fikk i fjor haust.

Mitt første møte...
I fjor haust og førjulsvinter vart det også her i fylket rapportert om fleire haukugler. Den nærmaste vart sett på Sørheim i Ørsta kommune. Denne prøvde eg ved eit par anledningar å få sett. Noko eg dessverre ikkje lukkast med. Så då eg snakka med Alv Ottar Folkestad i det han kom over ei haukugle som satt tett inntil bilvegen over Drageskaret, i det han var på veg til Larsnes på Gurskøya for å sleppe fri ein spurvehauk han hadde hatt i pleie, nølte eg ikkje eit sekund. Eg tok neste ferge frå Voksa til Larsnes og køyrde dei ca. 5 minutta det tok dit ugla hadde blitt observert. Og heldigvis var ho der fortsatt. Haukugler er normalt veldig greie å lokalisere. Dei sit nemlig i toppen av trea og speidar ned på bakken etter eit bytte, noko som gjer det nesten umulig å ikkje legge merke til dei. Dermed fikk eg sett mi første haukugle. Og for ein tøff fugl det var. Det er noko med blikket deira i når dei stirrar på deg. Det kan følest som dei ser rett gjennom deg...

Her er nokre bilder av ugla, samt ein liten videosnutt. 
Haukugle, Øvre Knotten, Gurskøya 19. februar 2017

Haukugle, Øvre Knotten, Gurskøya 19. februar 2017

Haukugle, Øvre Knotten, Gurskøya 19. februar 2017

Haukugle, Øvre Knotten, Gurskøya 19. februar 2017

Haukugle, Øvre Knotten, Gurskøya 19. februar 2017

Det var i dette området ugla holdt seg. Den vart oppdaga av Alv Ottar Folkestad
då den satt i toppen av grana nærmast bilvegen, heilt til høgre i bildet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar