Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018 Her blant unge gråmåsar. |
Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018 |
Denne polarmåsen viste seg faktisk å vere den same som eg såg på Rovde før jul den 16. desember. Fuglen hadde same drakteikningar, og den mangla også dei same armsvingfjørene på venstre vinge. Her er nokre fluktbilder av måsen frå 16. desember. Legg merke til kor mykje varmare fjørdrakta blir i litt varmare lys.
Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Rovde 16. desember 2017 |
Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Rovde 16. desember 2017 |
Då det viste seg at vi ikkje fikk tak i polarmåsen så blei det fanga inn ein vilkårlig måse. Det enda då opp med ein gråmåse i 2. drakt, altså ein 3K/2. vinter fugl. Den fikk seg ein metall og ein fargering for så å få friheita tilbake.
Gråmåse 3K (2. vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018 Biometriske mål viste at fuglen var ein hann. |
Gråmåse 3K (2. vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018 |
Etter dette var vi over til Volda, utan at det gav noko særlig resultat. Derifrå gikk turen vidare til Sætre på Lauvstad. Der fann vi dagens andre kvite måse, denne gongen ein grønlandsmåse. Denne 2K grønlandsmåsen er nok høgst trulig den same fuglen som ved fleire anledningar har blitt observert i Volda den siste tida.
Grønlandsmåse 2K (juveil/1.vinter), Sætre, Lauvstad 2. januar 2018 |
Grønlandsmåse 2K (juveil/1.vinter), Sætre, Lauvstad 2. januar 2018 |
Grønlandsmåsen på Sætre var eit relativt mørkt og velmarkert individ. Som mange kanskje kjenner til så varierer desse store måsane mykje. Berre sjå på grønlandsmåsen eg såg på Rovde 16. desember. Den er definitivt i motsatt ende av skalaen, med nesten ingen pigmenteringar i fjørdrakta. Det er utrulig at dette er fuglar av same art og på same alder.
Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017 |
Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017 |
Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017 |
Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017 |
På desse måseturane med båt blir det også sett ekstra godt etter ringmerkte fuglar. Å få gode bilder av måsar med kjent alder gjer at vi kan lære enda meir om draktvariasjonen til desse fuglane i dei forskjellige aldersklassene. Her har vi nemlig fortsatt mykje å lære, og nye ting dukkar stadig opp.
Her er nokre fuglar med kjent alder som eg har lukkast å få bilder av den siste tida.
Gråmåse «J829K» (1K/1. vinter)
Gråmåsen J829K blei ringmerkt på Storholmen sør for Kvamsøya sommaren 2017. Den blei funnen hengande fast over ei merde på oppdrettsanlegget i Bjørlykkestranda 18. desember. Heldigvis så blei den funnen raskt slik at den ikkje tok skade av "incidenten". Då eg såg den 31. desember såg den i alle fall ut til å vere i fin form.
Gråmåse 1K (1. vinter), "Kroppaskjæret" 31. desember 2017 |
Gråmåse 1K (1. vinter), "Kroppaskjæret" 31. desember 2017 |
Gråmåse «JEN50» (2K/2. vinter)
Denne 2. vinter gråmåsen blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge på Søndre Skjælholmen i Oslofjorden sommaren 2016. Dette var første observasjon av fuglen etter merking.
Gråmåse 2K (2. vinter) Rovde 16. desember 2017 |
Gråmåse «JCT01» (3K/3. vinter)
Denne gråmåsen ringmerkte eg som ein 2K fugl i april 2015 på marka heime. Dette er ein fugl som er ganske "retarded" når det gjeld utfarginga av fjørdrakta. Den har ikkje endra seg mykje frå i fjor, utsjånadsmessig, tross ei komplett myting.
Gråmåse 3K (3. vinter), Haugsbygda hamn 31. desember 2017 |
Gråmåse 3K (3. vinter), Haugsbygda hamn 31. desember 2017 |
Gråmåse «JCN41» (3K/3. vinter)
Gråmåsen JCN41 blei ungemerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya i juli 2015. Denne fuglen er ein god del meir utfarga enn JCT01 over, men er altså like gammal.
Gråmåse 3K (3. vinter) "Kroppaskjæret" 31. desember 2017 |
Gråmåse 3K (3. vinter) "Kroppaskjæret" 28. desember 2017 |
Ny art for øyane
Den 4. januar blei fjøresona rundt den vestlige delen av Sandsøya sjekka nøye. Målet med turen var å sjå om der var overvintrande svartstruper i området. Dessverre var det lite svartstruper å sjå, men null er også eit resultat. Den første observasjonen som var verdt å notere ned på denne turen var ei småspove som holdt til å fjøra på Skare. Dette er 99,9% sikkert den same fuglen som overvintra her på øya vinteren 2016-2017. For vinterfunn av småspove i Norge er ekstremt sjeldent. Det er berre ca. 10 funn av arten her til lands i vintermånadane. Og at det dukka opp ei småspove på eksakt samme plass to år på rad, utan at det er same fugl, er høgst usannsynleg. Denne hausten/vinteren såg eg den første gong 17. november, for så å sjå den igjen 8. desember. Begge gongane holdt den seg i ei storspoveflokk i Kinna på sørsida av øya. Dette er på den eksakt same plassen som den holdt seg i fjor vinter.
Då eg kom lenger vest i fjøra, nærmare bestemt til Breivika, kom eg over dagens "beste" fugl. Her var det snakk om, for meg, ein ny art for øyane, nemlig ein fossekall. Norges nasjonalfugl hadde berre blitt observert ein gong tidligare her ute. Onkelen min såg nemlig arten på første halvdel av 1990-talet. Det skulle altså gå over 20 år mellom først og andre observasjon av arten her ute i havgapet. Slike observasjonar er alltid kjekke!
Fossekall, Breivika, Sandsøya 4. januar 2018 |
Dette blei min 229. art på Sandsøya og Voksa. I 2017 fikk eg fire nye artar på artslista for øyane. Det var då snakk om knoppsvane, fiskeørn, toppmeis og konglebit. Ingen store sjeldenheiter der, men dei må jo observerast skal dei kome på artslista.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar