tirsdag 22. mars 2011

Sandsøya/Voksa 17-22.03.11

Den siste veka har det vorte få timar i "felten"! Dette pga. at det er lite fugl å sjå samt det dårlege veiret som vi har hatt den siste tida. Då er det ikkje lett å motivere seg til å kome seg ut skåde....

Men nokre få turar ut har det vorte. Det beste frå den siste veka er faktisk frå i dag. Nemleg årets, og øyane sin 2. duetrost. Denne gongen ikkje på Sandsøya, men på Voksa. Ellers så vart totalen på dykkarane/lommane telt. Det reulterte i eit svært lågt antall. Nemleg berre 2 horndykkarar og 2 gråstrupedykkarar, og ikkje ein einaste islom.


Her er eit dokumentasjonsbilde av Voksa sin første sikre duetrost!
Duetrost, Voksa


Aldersbestemming av stormåsar
Sidan eg starta for 5 år sidan å sjå nøye over måsane har eg lært ufattleg mykje. Og det viktigaste er å aldersbestemme måsane. For når ein skal skille dei forskjellige artane er det forskjelliga kjenneteikn ein må sjå etter i kvar aldersklasse.

Her er nokre bilder av gråmåsar i forskjellige aldrar. Hos gråmåsane er det fire aldersklasser. Då dei ofte har fullt adult drakt etter nesten 4 år. Men her er det veldig stor variasjon.....

Gråmåse 2K (1.vinter)
Gråmåse 2K (1.vinter)
Gråmåse 3K (2.vinter)
Det som skiller denne frå 2K fuglane over er nye grå skapulærfjører
 i tillegg til at den har starta å få lys iris. Lys iris
frå dei først etter ca. 10 månadar!
Gråmåse 3K (2.vinter)
Denne har mytt til enda fleire grå fjør på mantel og skapulærar!
Gråmåse 4K (3.vinter)
Denne har i motsetning til dei to 3K-fuglane over ikkje berre mytt til
grå mantel og skapulærar, men også mytt fleire armdekkarar. Den har også
tydelige kvite tuppar på håndsvingfjørene!
Gråmåse adult (5k+/4 vinter eller eldre)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar