torsdag 18. februar 2010

16.02-18.02.10

Ikkje mykje å rapportere om desse dagane. 2-3 polarmåsar og 1 grønlandsmåse er det heile! Men det må vel snart verte meir fugl? Under kan du sjå nokre bilder av måsane.

polarmåse 2K


grønlandsmåse 2K


polarmåse 2K

polarmåse 3K (samme ind.)

søndag 14. februar 2010

Sandshamna 14.02.10

Måtte ha meg ein tur sta å sjå over måsane i dag også. Det var fleire måsar langs Voksevegen og Voksa enn det har vore dei siste dagane, men fortsatt nesten ingen på Sandshamna. I flokkane ved Voksa var der ingen "eksklusive", men når eg kom nord på hamna så dukka ein grønlandsmåse opp. Dette var ein ny (2k/1.vinter) fugl. Truleg ein hann pga. av størrelsen. Den var nemleg på størrelse med mange av gråmåsane. Den hadde også eit ganske kraftig og kompakt nebb, noko som også talar for ein hann!

Bilder av grønlandsmåsen under:



fredag 12. februar 2010

Sandsøya og Voksa 06.02.10-12.02.10.

Det har vore ei still veke på fuglefronten. Ja når det blir finever og silda kjem så reiser flesteparten av måsane til havs. Bra for måsane, men ikkje for den som prøver å finne sjeldne måsar. Ingen måsar, ingen sjeldenheiter. Men litt var det no å notere seg.

grønlandsmåse 1 2k (nytt ind) (6.feb)
hønsehauk 1 (hann?) (7.feb)
polarmåse 2 2k og 4k (8.feb)
gråmåse(gulbeint) 1 5k+ (10.feb)
gråstrupedykker 6 (12.feb)
horndykker 5 (12.feb)
islom 6+ (12.feb)



grønlandsmåse 2K (1.vinter)



polarmåse 2K (t.v.) og polarmåse 4K (t.h.)

gulbeint gråmåse 5k+ (4.vinter eller eldre). Dei aller fleste
gråmåsane har kjøttrosa farga bein, men den gulbeinte
sorten finst også!



 



















Var også ein tur til ulsteinvik den 8.2. Så då tok eg meg ein tur ut på Flø for å sjå på måsane som var der.
Fann då ein grønlandsmåse (1. vinter/2k) med karakterar mot underarten/hybriden kumlieni som hekkar i NØ-Kanada. Desse er svært sjelden blir sett i norge. Det er to funn av denne i fylket, og begge er på Sandsøya. Legg merke til tydeleg stjertband, mørkt inntrykk og mørkt i armsvingfjører (dei ytterste fjørene mot vingetuppen). Sjå bilda under.