tirsdag 21. september 2010

Ona 20-21.09.10

Søndag bestemte eg meg for at no var det på tide og ta seg ein tur på Ona. Det var nemleg sett dvergspurv der. Dvergspurven er ikkje ein vanleg fugl på desse kantar. I Norge er den berre påvist hekkande i Finnmark. Fuglane som blir sett på sør-trekken langs kysten om hausten er då fuglar frå Sibir. Det er ikkje kvart år fuglen blir sett i fylket. Det er minst to år sidan det sist vart sett dvergspurv i MR, og då som no på Ona. Ellers vart det sett fleire polarsisikar av underarten hornemanni. Denne kjem då heilt frå grønland, og er dermed svært sjelden i Norge.

Ellers så vart det gjort ei gedigen tabbe!:( Nemlig å ta vierspurv for dvergspurv. Det var nemleg ikkje berre dvergspurv som for rundt på Ona desse to dagane! Det var i hvertfall minst 2 vierspurvar. Den eine holdt til i lag med ein dvergspurv, medan den andre holdt seg mest for seg sjølv. Men dette var som sagt ei tabbe som umogleg kan overgåast...

Her nokre av observasjonane frå Ona: (20-21 september)
dvergspurv 1-2+
vierspurv 2
polarsisik ua. hornemanni 4-5
gulbrynsongar 1
trepiplerke 2
gråflugesnappar 2-3
lappspurv ca.10
snøspurv 3

Bilder frå Ona!

dvergspurv
vierspurv 1K (ind.1)

vierspurv 1K ( ind.2)

polarsisik ua. hornemanni (dokumentasjonsbilde)
 
Solnedgang sett frå Ona-fyr
 
Etter at eg kom heim igjen i 17.00 tida vart det tid til litt skåding på Voksa. Dette resulterte då i ein ekstremt tidleg polarmåse. Måsen er ein årsunge(1K).

Polarmåse 1K

lørdag 18. september 2010

Stadt og Voksa 17-18.09.10

I dag vart det en tur på Voksa for å sjå om det kanskje kunne vere noko spennande å sjå. Det mest spennande i dag kan vel seiast å vere kortnebbgås og kvartbekkasin. Ellers så var det bra med tundralo som rasta på markane.

Dagens obsar frå Voksa!
kortnebbgås 1 1K
dvergsnipe 3 1K
tundrasnipe 2 1K
myrsnipe 9+
brusfugl 8+
heilo 27+
tundralo 5-6+
kvartbekkasin 2 (årets 2. og 3.)

Her er bilder av ei av dvergsnipene og kortnebbgåsa.
Dvergsnipe 1K, Voksa
Kortnebbgås 1K, Voksa







Stadt

Utsikta frå der eg sat.
Buholmen ser du lengst vekk.

I går vart det ein tur på Stadt for å sjå havfugl. Målet var sjølvsagt å få sett ei sjelden lire eller noko anna snacks. Men det vart ikkje mange lirene for å seie det mildt. Berre ei grålire vart sett trekkande forbi på dei 6,5 timane eg sat og såg utover havet. Men til gjengjeld vart det sett ekstremt mange lommar. Over 1000 totalt. Dette var då i huvudsak smålom, men det vart også sett gulnebblom.




Her er observasjonane som blei gjort mellom 07.24 og 14.48!
ub. smålom/storlom 281 ptS
smålom 723 ptS
gulnebblom 4 ptS
ub.islom/gulnebblom 2 ptS
ringgås 139+ ptS (fordelt på 11 flokkar)
kvitkinngås 3 (i flokk med 5 ringgjess)
svartand 44 ptS
sjøorre 11 ptS
storjo 10 ptS
ub. jo 1 ptS
havhest 5 ptS
grålire 1 ptS

(ptS = på trekk sør)

torsdag 16. september 2010

Havfuglskåding, Sandsøya 16.09.10

For tida er det fantastisk veir for å sjå på havfugl. Dette pga. att når det blir motvind eller pålandsvind kjem fuglane nærmare land enn dei ellers ville gjort. Er det fint veir trekker dei lenger til havs. Og er du då heldig å sjå dei så er det ofte så langt hold at det ikkje er mogelg å artsbestemme dei.
I dag var det ein del ringgås som trakk sørover. Også nokre lommar og ei grålire.


Her ser du ei flokk ringgjess på trekk sørover!



Dagens observasjonar:
ringgås 1185+ ptS (Totalt 18 flokkar)
grålire 1 ptS
ub.lom 74 ptS
smålom 5 ptS
storjo 2 ptS
teist 1 ptS
svartand 17 ptS
tjeld 51+ ptS


I går måtte ein voksen gråmåse avlivast etter nærkontakt med det som truleg var ein vandrefalk. Den hadde nemleg fått delvis avriven ein ein fot og eit sår i venstre vinge. I dag på nesten samme plassen hadde vandrefalken tatt nok ein gråmåse, og denne gongen hadde den greid å ta livet av den.





Her er eit videoklipp av vandrefalken!