torsdag 16. september 2010

Havfuglskåding, Sandsøya 16.09.10

For tida er det fantastisk veir for å sjå på havfugl. Dette pga. att når det blir motvind eller pålandsvind kjem fuglane nærmare land enn dei ellers ville gjort. Er det fint veir trekker dei lenger til havs. Og er du då heldig å sjå dei så er det ofte så langt hold at det ikkje er mogelg å artsbestemme dei.
I dag var det ein del ringgås som trakk sørover. Også nokre lommar og ei grålire.


Her ser du ei flokk ringgjess på trekk sørover!



Dagens observasjonar:
ringgås 1185+ ptS (Totalt 18 flokkar)
grålire 1 ptS
ub.lom 74 ptS
smålom 5 ptS
storjo 2 ptS
teist 1 ptS
svartand 17 ptS
tjeld 51+ ptS


I går måtte ein voksen gråmåse avlivast etter nærkontakt med det som truleg var ein vandrefalk. Den hadde nemleg fått delvis avriven ein ein fot og eit sår i venstre vinge. I dag på nesten samme plassen hadde vandrefalken tatt nok ein gråmåse, og denne gongen hadde den greid å ta livet av den.





Her er eit videoklipp av vandrefalken!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar