søndag 7. november 2010

Runde

Runde fyr
Dei to siste åra har eg vore så heldig å få vere med å jobbe på Runde i frå mai t.om. juli på seapop-prosjektet og kontrollfelttellinga. Og ein skal leite lenge etter ein betre jobb.......... :)




klikk på alle bilda for større format!



Utsikt vestover frå "lundeura"
I år gikk hekkinga til lundefuglen skeis. Dette gjorde sitt til at det ikkje vart så mykje å gjere på den fronten. For utan lunde-hekking vart det verken fangst av lunde for fargemerking, eller for å få næringsprøver. Og ikkje minst vart det ingen ungar å følge utviklinga til. Då vart det meir tid til å følge med på toppskarven, og også fangst av desse for fargemerking. Ellers så følger vi også med på krykkje, lomvi og havsule. Det blir også følgt med på storjoen, men det er ikkje eg med på!







Veging av toppskarv. Her utført av Oddvar Olsen.


Noko av det som skal gjerast er å lese av dei fargemerka lundefuglane. Dei vart fargemerka i 2007 og 2009.
Ein av dei 177 fargemerka ind. Av desse vart 105 avlest i år.
Avlesinga av ringane vert gjort i form av at eg tek bilder av fuglane,
for så å lese dei av når eg kjem heim.


Legg også inn nokre bilder av lunde frå 2009!
Lunde under ringmerking.
Ein av dei mange lundeungane som såg dagens lys sommaren 2009!

fredag 5. november 2010

Sandsøya/Voksa 05.11.10

I dag gikk eg nøye over og saumfarte markane på Voksa. Utan det heilt store resultatet. Nokre få sanglerker, viper, samt ein hønsehauk var vel det som var verdt å merke seg. Nei, i dag var det mest gammalt nytt. Toppdykkaren var fortsatt på plass, det same var berganda, og ikkje nok med det. Eg såg også ei kaie på Voksa, dette er truleg den same som eg såg på Sandsøya 20. oktober. Men neste gong vert det forhåpentlegvis noko nytt å sjå........

Her er alle dagens observasjonar!

Voksevegen:
islom 3-4
toppdykkar 1 1K (forts.)
dvergdykkar 4
sjøorre 1
svartand 6+ (F-farga)

Voksa:
kaie 1
vipe 5
heilo 1 (høyrd)
hønsehauk 1 1K F
sanglerke 4+

Sandsøya:
raudstilk 1
bergand 1K F (forts.)
kvinand 1 (F-farga)
sangsvane 8 (6 ad. + 2 1K)


Bilder og videoklipp frå i dag!

islom 2K+
islom 2K+
toppdykkar 1K (stillbilde frå video)
Bergand 1K F (stillbilde frå videoklipp)



Islom 1K (1.vinter)



Bergand 1K F

tirsdag 2. november 2010

Toppdykkar, Voksevegen 02.11.10

I dag vart det vinteren sin første tur ut og sjå over havområdet mellom øyane. Og etter å ha sett ein horndykkar og ein islom, låg den der! Den etterlengta toppdykkaren. Denne fuglen er svært uvanleg i MR. Med kanskje eit par funn i året. Toppdykkaren held til i Norge i hovudsak i næringsrike sjøar på Austlandet, på jæren og i trøndelag. Men om vinteren frys desse til, og då trekk dei ut til kysten. Dette vart då ein ny art for Sandsøya og Voksa.

Ellers i dag vart også øyane si 2. bergand funna i Vågen på Sandsøya. I tillegg til denne var også dei første songsvanene på plass for vinteren.

Her er nokre bilder av dykkaren!
toppdykkar
toppdykkaren (lengst t.h.) og silender (t.v.)
toppdykkar



Eg legg også inn eit bilde av berganda!

Og til slutt eit lite videoklipp.