søndag 7. november 2010

Runde

Runde fyr
Dei to siste åra har eg vore så heldig å få vere med å jobbe på Runde i frå mai t.om. juli på seapop-prosjektet og kontrollfelttellinga. Og ein skal leite lenge etter ein betre jobb.......... :)




klikk på alle bilda for større format!



Utsikt vestover frå "lundeura"
I år gikk hekkinga til lundefuglen skeis. Dette gjorde sitt til at det ikkje vart så mykje å gjere på den fronten. For utan lunde-hekking vart det verken fangst av lunde for fargemerking, eller for å få næringsprøver. Og ikkje minst vart det ingen ungar å følge utviklinga til. Då vart det meir tid til å følge med på toppskarven, og også fangst av desse for fargemerking. Ellers så følger vi også med på krykkje, lomvi og havsule. Det blir også følgt med på storjoen, men det er ikkje eg med på!







Veging av toppskarv. Her utført av Oddvar Olsen.


Noko av det som skal gjerast er å lese av dei fargemerka lundefuglane. Dei vart fargemerka i 2007 og 2009.
Ein av dei 177 fargemerka ind. Av desse vart 105 avlest i år.
Avlesinga av ringane vert gjort i form av at eg tek bilder av fuglane,
for så å lese dei av når eg kjem heim.


Legg også inn nokre bilder av lunde frå 2009!
Lunde under ringmerking.
Ein av dei mange lundeungane som såg dagens lys sommaren 2009!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar