mandag 19. september 2011

Ub. kjerrhauk, Voksa 19.09.11

Etter å ikkje hatt anledning til å kome seg i felten på ei og ei halv veke var det deilig å endeleig kome seg ut. Og det ga faktisk også resultat. Då i form av ein ubestemt kjerrhauk. Ut i frå proporsjonane på fuglen så er det i så fall snakk om enten steppe- eller myrhauk. Eg har fått ein del tilbakemeldingar på kjerrhauken. Då i hovudsak at det er snakk om ein myrhauk, men det er også andre som meiner det ikkje er snakk om myrhauk, og då i staden heller i retning steppehauk. Men alt i alt får den forbli ubestemt. Men eg sjølv heller etter å ha sett ein del på bilda i mot myrhauk. Den er breiarma og den virkar å ha 5 fingrar. Visst det stemmer så er dette ein myrhauk.

Dette vart den 5. kjerrhauken som er observert på Sandsøya og Voksa. Tidligare er det sett 2 myrhaukar, 2 sivhaukar og no denne ub. hauken!

Her er kan du sjå eit dokumentasjonsbilde av hauken.
Ub. kjerrhauk 1K, Voksa

Andre obsar...
Utanom hauken vart det sett ein kvartbekkasin, samt muligens høyrd ein gulbrynsongar på Voksa.

torsdag 8. september 2011

Tornskate m.m. Sandsøya 08.09.11

I dag vart det gjort nok eit forsøk på å "drage inn" ei sjeldenheit på sjøfuglfronten. Det vil seie at eg frå ca. kl.08.30 og fram til 11.10 sat og såg utover havet i frå Hellandsvågane på Sandsøya. Men det var desverre ikkje det heilt store og hente...

Her er det som vart sett på dei litt over to og ein halv timane.
grålire 1 pts kl.09.15
smålom 28 pts
ub.lom 11+ pts
ringgås 76+ pts (flokk på 6 og flokk på ca.70)
ub.jo 1 pts


3.observasjon på øyane...
Etter at eg var ferdig med sjøfuglskådinga so skulle eg berre kjøyre heim igjen. Då kjøyrde eg gjennom Våge. Det var på denne plassen eg hadde tornskate i september i fjor. Og i dag satt det ein årsunge like ved vegen frå Våge mot Sandsvågen. Dermed var øyane sin 3.observasjon av tornskate i boks.

Her er eit dokumentasjonsbilde av den nydelige fuglen.
Tornskate 1K, Våge/Sandsøya


Og til slutt so vart det ei lita fotorunde på Storeviksanden. Under kan du sjå nokre av bilda som vart tatt.
Polarsnipe 1K
Myrsnipe 1K
Sandlo 1K
Tundrasnipe 1K
Tundrasnipe 1K
Tundrasnipe 1K

onsdag 7. september 2011

Grashoppesongaroversikt for Sandsøya og Voksa i 2011

No har det gått nokre veker sidan den siste grashoppesongaren satt og song, og dermed er det vel på tide med ei lita oppsumering på årets grashoppesongarsesong.


Det var i fjor eg for allvor starta å følge med på grashoppesongarane på øyane. Og i år skulle det gjerast endå betre. Det vart også starta eit fargemerkingsprosjekt! Men kven kunne vel sjå føre seg at det skulle dukke opp so monge grashoppesongarar... For monge skulle dukke opp! Ikkje mindre enn 34 hannfuglar totalt i løpet av våren og sommaren!

Rekordtidlig
Årets første grashoppesongar. Dette bildet var teke den 24.arpil.
Det heile starta formiddagen den 23.april. Då vart nemleg årets første grashoppesongarhann høyrd syngande på Sandsøya. Dette var rekordtidlig... Nesten ei veke tidligare enn det som før var det tidligaste funnet i MR! Og fleire skulle det verte! Før april var ute hadde dukka opp 2 nye hannar. Men fortsatt so venta eg på at den første av dei som vart ringmerka på øyane i 2010 skulle dukke opp.

 Gjenfunn
Denne grashoppesongaren hekka på sørsida av Voksa i 2010. I år var
den på sørsida av Sandsøya.
I 2010 so vart der ringmerka 11 grashoppesongarar. 10 voksne hannar og 1 unge. Dermed var det ekstremt spennande å sjå kor mange som skulle kome attende i år. So dukka den første opp.... Den dukka opp den 3.mai på den eksakt same plassen den vart merka på i august 2010, nemleg på Voksa. Etter dette kom det 3 ind. til attende. 2 av desse kom tilbake til den eksakt same plassen som i fjor, medan ein av dei bytta øy frå Voksa til Sandsøya. Alle dei som kom tilbake var stasjonære og fikk truleg fram ungar.


Ring- og fargemerking
Ein av grashoppesongarhannane som vart merka i Våge på Sandsøya.
Det nye for året var at vi fargemerka songarane. Dette vart starta opp fordi det er enklare, samt mindre forstyrrane for fuglane å lese av ein fagering i felt enn å lese av ein metallring. For det viktigaste er sjølvsat at fuglane har det bra. I fjor vart det berre sett på dei metallring, men for å lese av desse i felt må ein ha veldig monge bilder for å greie å lese av alle tala på ringen. Og dermed blir songarane unødig forstyrra. Etter å ha jobba systematisk heile våren og sommaren so fikk 24 av grashoppesongarhannane påsett fargering. Ein av dei som kom tilbake med metallring på i fjor lukkast det desverre ikkje å få påsett fargering. Men den har då ring likevel. Det vil seie at 25 av dei 34 songarane på Sandsøya og Voksa i år no har ringar. Dermed skal det bli spennande å sjå kor monge som kjem attende neste år.....


Ungeproduksjon
Ein av ungane som vart sett på Voksa i år.
I år vart det sett 11-13 ungar rundt omkring i dei monge grashoppesongarterritoriuma. Men alt tyda på at dette talet må gongast med monge, monge gongar. So viste det seg truleg at også monge av grashoppesongarpara fikk fram ei ungekull nr.2 i slutten av juli og starten på august. Dette fikk eg først bevist i slutten av juli, då eit av para tydlig mata små ungar medan det hoppa store og sjølvstendige ungar rundt i same området.


Oversiktskart
Her nokre oversiktskart som viser alle songarane på øyane i 2011.
Våge på Sandsøya
Støyle, Voren og Sandshamn på Sandsøya
Den nordlige delen av Voksa
Den sørlige delen av Voksa