I dag vart det endelig både sol og vindstilt, og dermed eit perfekt veir for å ta seg ein tur ut i felten... Det resulterte i øyane si
3.vannrikse og årets
5-6. tartarpiplerke. Begge desse vart sett på Voksa. Utanom riksa og piplerka var det ikkje all verden av småraritetar å sjå, desverre... Men om ikkje anna så var no veiret heilt topp.
Her er dei andre observasjonane som vart gjort på øyane i dag.
svartand 7 F-farga (ved Voksa)
spurvehauk 2 (Voksa og Sandsøya)
heillo 2 (Voksa)
kvartbekkasin 2 (Voksa)
sanglerke 1 (Voksa)
sidensvans 15 (Våge/Sandsøya)
trekrypar 4+ (Voksa)
Elles så vart det også mykje meiser og trostar å sjå på øyane i dag.
Her er nokre bilder av ein av trekryparane som vart sett i dag.
 |
| Trekrypar, Voksa |
 |
| Trekrypar, Voksa |
 |
| Trekrypar, Voksa |
 |
| Trekrypar, Voksa |