søndag 25. mars 2012

Fargemerka gråmåsar m.m. Sandsøya og Voksa 14-25.03.12

Dei siste drøye to vekene har det blitt fleire turar i felten. I løpet av desse dagane så har fiskemåsen starta å kome (23.mars), og i dag såg eg dei første 2 sildemåsane på Sandshamna. Når det er snakk om måsar så har eg også lest av 2 fargmerka gråmåsar. Ellers så kan eg no nemne at i dag vart øyane sin 2.observasjon av løvmeis gjordt. Det vart nemleg høyrd ein syngnde hann på Sandsøya.

fargemerka gråmåsar
Her er litt om dei 2 fargemerka gråmåsane som har vore innom på Sandshamna dei siste 8 dagane...

JM0Z
Gråmåse 8K+, Sandshamna 17.mars
Gråmåsen med fargeringkode JM0Z vart merka som ein 3K+ fugl den 8.juli i 2007 på Valderøya i Giske kommune i Møre og Romsdal. Det vil no seie at måsen minst er inne i sitt 8.kalenderår. Dette vart det første gjenfunnet av måsen etter at den vart merka.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Valderøya til Sandshamna er 43 km.
                                                                                                                                                                     

JCH6
Gråmåse 10K, Sandshamna 20.mars
Gråmåsen med fargeringkode JCH6 (J`en er delvis slitt vekk) vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 3.juli i 2003 på Fluren som ligg på Biri i Gjøvik kommune i Oppland. Dermed er måsen no inne i sitt 10. kalenderår, som igjen vil seie at den til sommaren blir 9 år gammal. Måsen har ved fleire anledningar vorte sett i England. Men faktisk var dette det første gjenfunnet av måsen på Norsk jord!

Dato       Stad                                          Koordinatar        Observatørar                   Dagar/km/°

03.07 2003 Fluren, Biri, Gjøvik, Opland, Norway 60°58'23"N 010°36'31"E Fjeldstad, Dag Leonard -
07.02 2009 Stubbers Green, Aldridge, West Midlands, Great Britain 52°36'54"N 001°56'40"W Clay, Roger 2046/1200/224
17.02 2009 Stubbers Green, Aldridge, West Midlands, Great Britain 52°36'54"N 001°56'40"W Clay, Roger 2056/1200/224
20.11 2009 Stubbers Green, Aldridge, West Midlands, Great Britain 52°36'54"N 001°56'40"W Brotherton, Susan 2332/1200/224
07.02 2012 Stubbers Green, Aldridge, West Midlands, Great Britain 52°36'54"N 001°56'40"W Clements, Kevin Mark 3141/1200/224
20.03 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 3183/306/299

 
Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Biri og Sandshamna er på 306 km.

mandag 19. mars 2012

Nattsongarar i 2011


I fjor kan ein mildt sagt seie at det var eit bra nattsongarår! Først og fremst var det eit ekstremår når det gjaldt grashoppesongarane, men det vart også sett og høyrd andre små og store raritetar. Den beste natta så satt det    6-7 grashoppesongarar, 1 elvesongar, 2 myrsongarar, 4-5 vaktelar og 2 åkerrikser og song samtidig på øyane. Ei slik natt blir svært vanskeleg, om ikkje umogleg å overgå...

Oversikt
Her er ei lita oversikt over nattsongarane som vart observert på øyane, då sett vekk i frå alle grashoppesongarane. I tillegg til det kan du også sjå ei lita oversikt over antall nattsongarar som vart observert på nokre nattsongarturar rundt om på Gurskøya og i ytre Herøy.

På Sandsøya og Voksa vart talet på nattsongarar utanom grashoppesongarane dette:
åkerrikse 3-4 (2-3 ind. på Sandsøya og 1 ind. på Voksa)
vaktel 7+ (På Sandsøya og Voksa)
myrsongar 2 (På Sandsøya)
elvesongar 1 (På Sandsøya)

Her er eit par bilder frå 2011!
Åkerrikse M, Våge/Sandsøya
Denne vart oppdaga syngande den 2.mai. Noko som er det tidlegaste
funnet av åkerrikse gjennom tidene i Møre og Romsdal. Det tok over
2 veker til den neste åkerriksa vart oppdaga i Norge!
Myrsongar M, Skare/Sandsøya
Denne holdt stand frå den 12-26.juni.

Sande og Herøy kommune...
Det vart også nokre få nattsongarturar rundt om i Sande (utanom Sandsøya og Voksa) og i Herøy kommune.

Det resulterte i dette:
vaktel 1 (Sædalen på Gurskøya)
myrrikse 2+ (Myklebustvatnet ved Fosnavågen)
grashoppesongar 2 (Myklebustvatnet)+ 2 (Remøya)+ 1 (Goksøyr på Runde)
elvesongar 1 (Gjerdsvika på Gurskøya)

Her er eit bilde av hannfuglen som mata aktivt i Goksøyra på Runde i fjor. Dette utgjer så vidt eg veit det nordlegste påviste hekkefunnet av arten i Norge.
Grashoppesongar M, Gøksøyr/Runde I tillegg til denne vart det observert minst 2 andre
 syngande grashoppesongarar på Runde av lokalbefolkninga.

 Alt i alt eit veldig bra år for nattsongarar kan ein trygt seie! No nærmar heldigvis årets sesong seg dag for dag... Og kanskje vert 2012 sesongen noko tilsvarande? Ja, kansje dukkar også eit par etterlengta sjeldenheiter opp dette året..... Ein syngande busksongar og stripesongar står nemleg høgt på ønsleista!

onsdag 14. mars 2012

Sandsøya/Voksa 28.02-13.03.12

Dei siste par vekene har det ikkje vorte satsa all verden i felten. Men nokre få turar har det no blitt. Det har desverre ikkje vore så alt for mykje å sjå... Talet på måsar på Sandshamna har vore veldig lavt i det siste, og utan måsar er det ikkje så mykje så sjå på denne tida av året! Men heldigvis så har det starta å dukke opp nokre vårteikn. Tjelden og gravanda har komt for allvor, og svarttrosten har såvidt starta å synge for å nemne nokre vårteikn. På måsefronten har det vore ein god del krykkjer inne på hamna dei siste dagane (100+ ind.), og talet på grønlandsmåsar har variert frå så og seie ingen opp til minst 10 ind. Av grønlandsmåsane så vart det sett eit ny 5K+ kumlieni den 28.februar. Dette var minst den 11. sikre kumlienien som har blitt sett her på øyane denne vinteren! Av andre "kvitmåsar" så vart det i går og i føregårs (12-13.mars) sett 1 2K polarmåse, også det nesten sjølvsagt då på Sandshamna. Det har også blitt sett og avlest ein fargemera måse i denne perioden. Den kan du lese meir om nederst i innlegget....

Her er nokre observasjonar frå den 12. og 13.mars som det var å legge merke til.
dvergdykkar 2 (Voksevegen)
grågås 80+ (Voksa)
gravand 17 (Storevika/Sandsøya)
sanglerke 9+ (Voksa)


Fargemerka gråmåse
I føregårs den 12.mars vart det sett og avlest ein 2K gråmåse på Sandshamna. I tillegg til den måsen vart det også sett ein adult gråmåse med fargering. Men desverre så var lysforholda for dårlege, og måsen var på for langt hold til å greie å lese av ringen!

Her er informasjonen om den måsen som eg greidde å lese av.

Gråmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 12.mars
Denne har fargeringkode J3961.
Gråmåsen med fargeringkode J3961 blei merka som ein ikkje flygedyktig unge på Torsnes i Karlsøy kommune i Troms den 9.juli i 2011. Dette var det første gjenfunet av måset etter at den blei merka i fjor.

Dato       Stad                                       Koordinatar         Observatørar         Dagar/km/°

09.07 2011 Torsnes, Karlsøy, Troms, Norway 70°13'04"N 019°31'25"E Lorentzen, Nils Helge -
12.03 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 247/1082/221

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Torsnes i Troms og "ned" til Sandshamna
er på 1082 km.