onsdag 14. mars 2012

Sandsøya/Voksa 28.02-13.03.12

Dei siste par vekene har det ikkje vorte satsa all verden i felten. Men nokre få turar har det no blitt. Det har desverre ikkje vore så alt for mykje å sjå... Talet på måsar på Sandshamna har vore veldig lavt i det siste, og utan måsar er det ikkje så mykje så sjå på denne tida av året! Men heldigvis så har det starta å dukke opp nokre vårteikn. Tjelden og gravanda har komt for allvor, og svarttrosten har såvidt starta å synge for å nemne nokre vårteikn. På måsefronten har det vore ein god del krykkjer inne på hamna dei siste dagane (100+ ind.), og talet på grønlandsmåsar har variert frå så og seie ingen opp til minst 10 ind. Av grønlandsmåsane så vart det sett eit ny 5K+ kumlieni den 28.februar. Dette var minst den 11. sikre kumlienien som har blitt sett her på øyane denne vinteren! Av andre "kvitmåsar" så vart det i går og i føregårs (12-13.mars) sett 1 2K polarmåse, også det nesten sjølvsagt då på Sandshamna. Det har også blitt sett og avlest ein fargemera måse i denne perioden. Den kan du lese meir om nederst i innlegget....

Her er nokre observasjonar frå den 12. og 13.mars som det var å legge merke til.
dvergdykkar 2 (Voksevegen)
grågås 80+ (Voksa)
gravand 17 (Storevika/Sandsøya)
sanglerke 9+ (Voksa)


Fargemerka gråmåse
I føregårs den 12.mars vart det sett og avlest ein 2K gråmåse på Sandshamna. I tillegg til den måsen vart det også sett ein adult gråmåse med fargering. Men desverre så var lysforholda for dårlege, og måsen var på for langt hold til å greie å lese av ringen!

Her er informasjonen om den måsen som eg greidde å lese av.

Gråmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 12.mars
Denne har fargeringkode J3961.
Gråmåsen med fargeringkode J3961 blei merka som ein ikkje flygedyktig unge på Torsnes i Karlsøy kommune i Troms den 9.juli i 2011. Dette var det første gjenfunet av måset etter at den blei merka i fjor.

Dato       Stad                                       Koordinatar         Observatørar         Dagar/km/°

09.07 2011 Torsnes, Karlsøy, Troms, Norway 70°13'04"N 019°31'25"E Lorentzen, Nils Helge -
12.03 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 247/1082/221

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Torsnes i Troms og "ned" til Sandshamna
er på 1082 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar