tirsdag 17. april 2012

Sandsøya/Voksa 13. og 14.04.12

Den 13.april vart det nok ein gong satsa på måsar på Sandshamna. Riktig nok så var det ikkje heilt det store antallet... Men der det er måsar er det muligheiter! Kva det resulterte i kan du lese under. Det vart også sett gjennom gjessene på Voksa. Den 15.april vart det ein skikkeleg "langdag", der eg fikk tatt ein meget grundig sveip over Sandsøya og Voksa.

Her er ein litt fyldigare informasjon frå desse to dagane.

13.april:
På Sandshamna vart det denne dagen sett 1 grønlandsmåse (4-5K), samt 1 ny fargemerka gråmåse. Ved Voksevegen vart det sett 2 dvergdykkarar, og på Voksa var dei 3 stasjonære tundragjessene ua. flavirostris fortsatt på plass.


Gråmåse 4K, Sandshamna 13.april 2012.
Gråmåsen med fargeringkode J1352 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) på Eggløysa i Tromsø kommune i Troms den 31.juli i 2009. Dette var det første gjenfunnet etter merking.

Dato      Stad                                            Koordinatar       Observatørar                         Dagar/km/°
31.07 2009 Eggløysa, Tromsø, Troms, Norway 69°41'48"N 018°03'46"E Helberg, Morten
Maløya Torland, Klaus, Noddeland, Jon -
13.04 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 987/1001/220

Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Eggløysa i Tromsø kommune og
Sandshamna er på 1001 km.


15.april:
Denne dagen vart det sett litt av kvart, men desverre ikkje noko alt for sjeldent. Det vart sett
4+ grønlandsmåsar (2 2K, 2+ 3K) på Sandshamna. Og på Voksa vart dei 2 stasjonære sangsvanene, der den ein har engelsk ring gjenfunne. Vidare så var dei 3 tundragjessene ua. flavirostris fortsatt på plass.

Her er det andre som vart sett.
heilo 1 (Voksa)
sandlo 1 (Voksa)
linerle 1 (Sandshamna/Sandsøya)
steinskvett + (Voksevegen/Sandsøya)
tornirisk + (Våge/Sandsøya) + 1 (Voksa)
sivspurv 1+ M (Voksa)

Her er nokre bilder av dei 2 2K grønlandsmåsane på Sandshamna den 15.april.
:
Grønlandsmåse 2K, Sandshama 15.april 2012

Grønlandmåse 2K, Sandshamna 15.april 2012
Dette er ein svært langt utvikla fugl, med innmytte grå
mantel og skapulærfjører, samt anntydning til lys iris. 

Grønlandsmåse 2K, Sandshamna 15.april
Samme ind. som på bildet over.

onsdag 11. april 2012

Sandshamna 11.04.12

I dag skulle det egentleg vere fuglefri, men det skar seg sjølvsagt! På Sandshamna var det nemleg eit relativt bra antall med måsar. Dermed måtte dei sjåast nøye i gjennom. Det resulterte i 3 grønlandsmåsar (2K, 3K, 4K(+)), samt at det vart sett nok ein fargemerka gråmåse. Den fargemerka måsen kan du lese meir om nederst i innlegget.

Her er eit par bilder av den stasjonære 2K grønlandsmåsen på hamna. Det er truleg denne fuglen som har vore på plass den siste tida....

Grønlandsmåse 2K, Sandshamna

Grønlandsmåse 2K, Sandshamna


Fargemerka gråmåse
Som nemnt over vart det i dag sett ein fargemerka gråmåse på hamna. Her er meir om den...
Gråmåse 2K, Sandshamna
Denne 2K gråmåsehannen med fargeringkode J3090 vart merka som 2K (1.vinter) den 8.januar i år. Den vart merka i Breiavatnet i Stavanger i Rogaland. Etter at den blei merka er dette det første gjenfunnet av måsen.


Dato      Stad                                                  Koordinatar               Observatørar   Dagar/km/°
08.01 2012 Breiavatnet, Stavanger, Rogaland, Norway 58°58'07"N 005°44'02"E Mjøs, Alf Tore -
11.04 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 94/365/357

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Stavanger til Sandshamna er på 357 km.

tirsdag 10. april 2012

Runde 09.04.12 m.m.

I går vart årets første feltarbeidsdag unnagjort på Runde. Det som skulle gjerast var å ta bilder av fargemerka lundefuglar for så å lese av ringane. Og eg må no seie meg fornøgd... Tusenvis på tusenvis låg på sjøen ved fuglefjellet, og flesteparten av desse kom opp og sverma for så å sette seg inn i fjellsida. Totalt fikk eg lest av 60 forskjellige fargemerka lundar. I alt er det fargemerka 177 ind. så eg har noko å strekke meg etter. To av lundane som var avleste i går vart sett for første gong etter merking. Begge desse vart merka i 2009.

Her er nokre bilder av lundane frå i går.
Lunde, Runde
Lunde, Runde
Lunde, Runde

Andre obsar...
Av andre observasjonar som vart gjort på Runde i går var 1 svartryggerle (F), og 1+ lappspurv (M).
Eg kan også nemne at årets første storjoar var innom fjellet....


Her er nokre bilder av ein 2K+ lappspurvhann som viste seg å vere svært så fotogen!
Lappspurv M, Runde

Lappspurv M, Runde

Lappspurv M, Runde


Siste (fugle)nytt frå Sandsøya og Voksa. (2-10.april)
No har årets første linerler, steinskvettar, sivspurvar osv. komt attende. Sjå observasjonane under...

2.april:
dvergdykkar 3 (Voksevegen)
grønlandsmåse 2 (2K og 5K+) (Sandshamna/Sandsøya)
kaie 1 (Sandshamn/Sandsøya)

3.april:
kaie 1 (Bringsvor/Sandsøya)
ub. grønn-/gråspett 1 (Skarshaugen/Sandsøya)

6.april:
sangsvane 2 3K+ (Ei med engelsk ring) (Voren/Sandsøya)
kortnebbgås 1 (Voksa)
tundragås ua. flavirostris 3 ad. (Voksa)
grønlandsmåse 1 2K (Sandshana/Sandsøya)
grønlandsmåse 1 3K (Voksevegen)

7.april:
grønlandsmåse 1 2K (Sandshamna/Sandsøya)

10.april:
dvergdykkar 1 (Voksevegen)
islom 2 (2K og 3K+) (Sørsida av Sandsøya)
kortnebbgås 1 forts. (Voksa)
tundragås ua. flavirostris 3 ad. forts (Voksa)
kvartbekkasin 1 (Voksa)
sanglerke 1 (Voksa)
linerle 1 (Sandsøya)
sivspurv 1 M (Voksa)
steinskvett 1 M (Marøya/Voksevegen) + 1 F (Støyle/Sandsøya)



Her er eit bilde av ei av dei grønlandske tundragjessene (ua. falvirostris), samt ett av kortnebbgåsa som har holdt til på Voksa i nokre dagar.
Tundragås ua. flavirostris 3K+, Voksa
(1 av 3 ind.)
Kortnebbgås, Voksa