Den 13.april vart det nok ein gong satsa på måsar på Sandshamna. Riktig nok så var det ikkje heilt det store antallet... Men der det er måsar er det muligheiter! Kva det resulterte i kan du lese under. Det vart også sett gjennom gjessene på Voksa. Den 15.april vart det ein skikkeleg "langdag", der eg fikk tatt ein meget grundig sveip over Sandsøya og Voksa.
Her er ein litt fyldigare informasjon frå desse to dagane.
13.april:
På Sandshamna vart det denne dagen sett 1 grønlandsmåse (4-5K), samt 1 ny fargemerka gråmåse. Ved Voksevegen vart det sett 2 dvergdykkarar, og på Voksa var dei 3 stasjonære tundragjessene ua. flavirostris fortsatt på plass.
Gråmåse 4K, Sandshamna 13.april 2012.
|
Gråmåsen med fargeringkode J1352 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) på Eggløysa i Tromsø kommune i Troms den 31.juli i 2009. Dette var det første gjenfunnet etter merking.
Dato Stad Koordinatar Observatørar Dagar/km/°
31.07 2009 Eggløysa, Tromsø, Troms, Norway 69°41'48"N 018°03'46"E Helberg, Morten
Maløya Torland, Klaus, Noddeland, Jon -
13.04 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 987/1001/220
Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Eggløysa i Tromsø kommune og Sandshamna er på 1001 km. |
15.april:
Denne dagen vart det sett litt av kvart, men desverre ikkje noko alt for sjeldent. Det vart sett
4+ grønlandsmåsar (2 2K, 2+ 3K) på Sandshamna. Og på Voksa vart dei 2 stasjonære sangsvanene, der den ein har engelsk ring gjenfunne. Vidare så var dei 3 tundragjessene ua. flavirostris fortsatt på plass.
Her er det andre som vart sett.
heilo 1 (Voksa)
sandlo 1 (Voksa)
linerle 1 (Sandshamna/Sandsøya)
steinskvett + (Voksevegen/Sandsøya)
tornirisk + (Våge/Sandsøya) + 1 (Voksa)
sivspurv 1+ M (Voksa)
Her er nokre bilder av dei 2 2K grønlandsmåsane på Sandshamna den 15.april.
: |
Grønlandsmåse 2K, Sandshama 15.april 2012 |
Grønlandmåse 2K, Sandshamna 15.april 2012 Dette er ein svært langt utvikla fugl, med innmytte grå mantel og skapulærfjører, samt anntydning til lys iris. |
Grønlandsmåse 2K, Sandshamna 15.april Samme ind. som på bildet over. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar