lørdag 8. desember 2012

Avlesing av ring- og fargemerka måsar

I det siste har det blitt ein del turar i felten. Det har først og fremst blitt satsa ein del på måsar. Desverre så har det fine veiret i kombinasjon med lite aktivitet på fiskemottaket gjort sitt til at antallet med måsar har vore heller labert. Dei siste dagane har antallet heldigvis auka. Satsinga har ikkje gitt resultat i noko alt for sjeldent, men eg har fått lest av eit par gråmåsar. I tillegg til dette så fikk eg  i går melding frå Stavanger museum om ein observasjon på ein av svartbakane som eg merka i sommar. Den var då sett i Danmark i september. Den største rariteten den siste tida var ein årsunge (1K) av sildemåse som var innom på Sandshamna på Sandsøya den 4.desember.

Her er eit par bilder av sildemåsen.
Sildemåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 4.desember 2012


Sildemåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 4.desember 2012



Avleste gråmåsar
Eg har som nemt over fått lest av eit par ringmerka gråmåsar. Ein av desse var ein gammal kjenning, medan den andre var ein ny fugl. Under kan du lese meir om desse!



90A69108

Gråmåse 7K (7.vinter), Sandshamna/Sandsøya 23.november
og 7.desember 2012
Gråmåsen med metallring nr. 90A69108 vart ringmerka som reirunge (pullus) på Skommarrevet i Gävle i  Midt-Sverige den 15.juni i 2005. Dette er ikkje første gongen den er innom på hamna. Den vart nemleg sett første gong den 22.august i 2012. Etter det dukka den opp igjen den 23.november. Den var også på plass i går, altså den 7.desember.

Her er ein link til det forrige innlegget eg hadde ang. denne måsen.
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2012/09/fuglenytt-fra-sandsyavoksa-29-310812.html



FA17166
Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 28.november 2012
Gråmåsen med metallring nr. FA17166 vart ringmerka som reirunge (pullus) ved Grimstadvatnet på Hareid i Møre og Romsdal den 9.juli i 2012. Dette var det første gjenfunnet av denne måsen etter merking. Totalt denne hausten så har eg då med denne hatt 5 gråmåsar frå denne kolonien innom på hamna.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Grimstadvatnet på Hareid og
Sandshamna er på ca. 30 km.


Gjenfunn av "mine" måsar
Eit par av måsane som eg merka sommaren 2012 har blitt sett henholdvis i Bergen og i Jylland i Danmark. Her er meir om desse.

J4732
Gråmåse 1K. Her er den avbilda på Sandshamna den 19.september.
Gråmåse "J4732" vart ringmerka i kolonien i Goksøya, Runde i Herøy kommune (M&R) den 16.juli i 2012. Den vart sett på Sandshamna den 19.september. Etter det vart den sett i Byparken i Bergen den 11.november, for så å bli sett i Kirkebukten i Laksevåg, Bergen litt lenger sør den 2.desember. Dette er då den tredje gråmåsen som eg merka på Runde i sommar som har dukka opp i Byparken i Bergen.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Sandshamna og der måsen
vart sett i Laksevåg, Bergen er på 225 km.


3033333
Svartbaken med metallring nr. 3033333 vart ringmerka som reirunge (pullus) på Svinøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal den 1.august i 2012. Den var då for liten til å få påsett fargering. Den 20.september vart den gjenfunnen i Hastholm i Jylland på nordvest-kysten av Danmark. Denne var ein av i alt 8 svartbakungar som  vart merka på Svinøya den dagen. Svartbakane var meget seine med hekkinga på lokalteten. Noko som gjorde at fire av ungane var for små til å få påsett fargering.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Svinøya og Hastholm i Danmark
er på 608 km.

Fargemerka måsar på Sandshamna
Så langt i desember har eg hatt fire av dei gråmåsane som eg merka som reirungar på Sandsøya i 2012 innom på hamna. To av desse hadde ikkje vore sett sidan midten av september for så å dukke opp igjen no ca. to og ein halv månad etter. Ellers så held fortsatt mange av dei gråmåsane som eg ringmerka ved hjelp av måsefelle i slutten av oktober og starten på november til i området. Totalt har eg sett 8 av dei 18 gråmåsane på hamna etter merking.

Her er nokre bilder av fuglane.
Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 7.desember 2012
"J4710" vart merka som ein reirunge på Sandsøya i 2012. Den var
ikkje sett sidan den 21.september før den dukka opp i går. 

Gråmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya 7.desember 2012
Denne vart merka den 9.november.


Gråmåse 4K (4.vinter), Sandshamna/Sandsøya 27.november 2012

Gråmåse 4K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 4.desember 2012
 

tirsdag 20. november 2012

Polarmåse...

Dei siste par vekene har bydd på ganske lite på fuglefronten. Dei få turane eg har vore ute har det vorte satsa på å finne eit eller anna blandt måsane på Sandshamna på Sandsøya. Men no i det siste har mykje vind og dermed mykje sjø på havet gjort sitt til at aktiviteten på fiskemottaket på Sandshamna har vore heller laber. Og ingen aktivitet vil igjen seie ingen eller svært få måsar inne på hamna. Eg har også starta å fange måsar for ring- og fargemerking. Noko som skal bli svært så interessant etter kvart som eg får merka ein del måsar.

Polarmåse...
Den 15.november vart det sett ein 1K polarmåse på hamna. Dette blei då den andre årsungen av polarmåse som har vore innom på hamna så langt i haust. Denne måsen var truleg ei hoe, då den var relativt liten og samtidig hadde eit meget lite og spinkelt nebb.

Her er eit par bilder av måsen.
Polarmåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 15.oktober 2012

Polarmåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 15.oktober 2012

Merking av måsar
Eg har også no i haust starta å ring- og fargemerke måsar på Sandshamna. Så langt har eg merka 18 gråmåsar. 16 av desse vart merka den 9.november, medan 1 ind. vart merka henholdsvis den 31.oktober og den 2.november. Etter kvart skal det bli meget spennande å sjå kor desse måsane dukkar opp.

Her er eit bilde av ein av måsane som blei merka den 9.november.
Gråmåse 4K+ (4.vinter eller eldre), Sandshamna/Sandsøya 9.november 2012
Denne måsen blei aldersbestemt til ein 4K+. Fjørdrakta er komplett og med
ingen immature fjør. Nebbteikinga kan peike mot at dette er ein 4.vinter -fugl,
altså ein 4K. Men ei slik nebbteikning kan også eldre fuglar vise.

tirsdag 6. november 2012

Dvergmåse, Sandshamna 06.11.12

I dag vart turen lagt til Sandshamna for å sjå gjennom måsane for første gongen denne veka.  Det er bra med måsar i området, og den siste tida har vist at alt er mogleg. Etter dagen i dag virkar det som om den gode "måsehausten" berre fortsetter. I dag vart nemleg øyane sin andre dvergmåse sett kort på Sandshamna. Den første for øyane vart også sett på hamna, det då i månadskiftet januar/februar tidlegare i år. Det var då snakk om ein 1.vinter fugl, medan dagens måse var ein fullt utfarga 3K+(adult) fugl.

Her er eit bilde av dagens "minstemann"... 
Dvergmåse 3K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya

På plass igjen...
Ellers i dag var det mykje måsar å sjå, men utanom dvergmåsen var den ikkje alt for mykje å notere i boka. Eit par av "mine" fargemerka gråmåsar som eg merka på Sandsøya i sommar vart sett. Den eine av desse "J4704" har vore stasjonær og nesten blitt sett kvar gong eg har sett over måsane på hamna. Dagens andre merka var litt meir interessant. Det var nemleg snakk om "J4712". Den har ikkje vore sett i området på over ein månad. Nærmare bestemt sidan den 2.oktober. Dermed trudde eg at denne hadde vendt nebbet sørover. Noko som viste seg å ikkje stemme...