fredag 5. april 2013

Sandsøya/Voksa 01-05.04.13

Starten på denne månaden har blitt brukt til ein god del skoding på Sandsøya og Voksa. Det har blitt tatt nokre runder rundt om på både øyane, men mesteparten av tida har blitt brukt på Sandshamna på Sandsøya. Der har det vore bra aktivitet på fiskemottaket og dermed eit ganske så bra antall med måsar. Rundt om på øyane utanom Sandshamna så er det fortsatt lite å sjå. Men blandt anna så har svartstrupehannen som først vart oppdaga den 30.mars blitt stasjonær i Sandsvågen på Sandsøya. Der er den svært aktiv syngande, og forhåpentlegvis så dukkar det opp ei hoe også snart. Ellers så vart mi første vipe for året sett på sørsida av Sandsøya den 1.april. Utanom desse to observasjonane er det desverre lite å melde om. På Sandshamna derimot er det litt av kvart å sjå. Den 2.april dukka det opp ein 2K sildemåse. I og med at måsen har eit utprega kaspimåse-jizz og i tillegg har relativt lyse indre håndsvingfjører gikk tankane i retning den austlege underarten heuglini. For å få klarheit i om det kunne vere ein ei slik austleg sak vart det sendt nokre mailar til utenlandske ekspertar. Svaret eg fikk frå ekspertisen var at  måsen "min" hadde ingen fjørdraktkarakterar som skiller den i frå ein vestleg graellsii/intermedius. Ein heuglini burde komt lenger i mytinga, då særleg i handdekkarane, samt at fjørdrakta burde vært mindre slitt. Uansett så er ein 2K sildemåse her i Norge ein relativt stor raritet. Desse yngre sildemåsane heng som oftast igjen lenger sør i Europa og i Afrika. Måsen var fortsatt på plass i dag. Når vi først er inne på sildemåsar så har det så smått starta å dukke opp voksne sildemåsar også. Den første utfarga sildemåsen vart sett den 3.april. Normalt så dukkar desse opp rundt den 15.mars, men i år har ugunstige veirforhold gjort sitt til at dei er nokre veker forsinka.

Her er nokre bilder frå dei siste dagane av den heilt råe 2K sildemåsen.
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013
Her står sildemåsen nest lengst til venstre med ein 3K gråmåse rett bak seg.
Legg merke til jizzet på fuglen i forhold til gråmåsane. Mykje smekkrare og
elegant med ein lang bakpart og lange vinger.


Her er også ein liten videosnutt av fuglen.
  


Kvitmåsar m.m.
Utanom sildemåsen så er fortsatt dei 2 2K polarmåsane på plass, det samme er den stasjonære
2K grønlansmåsen som har blitt sett i området dei siste månadane. Når det gjeld avlesingar av ringmerka måsar så vart det i går sett ein 2K svarbak som blei merka i Danmark som reirunge i fjor, samt ein 2K gråmåse som blei merka i Byparken i fjor som ein 1K-fugl. Eg har også fått nokre gjenfunn frå utlandet på måsane som eg merka som reirungar i fjor sommar. Dette vil eg kome tilbake til i eit eige innlegg.

Her er nokre bilder av dei stasjonære kvitmåsane.
Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 1.april 2013

Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013

Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013

Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 5.april 2013

Grønlandsmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 5.april.
Denne har vore i området sidan den 13.desember i fjor.

Heilt til slutt så er her er eit lite videoklipp frå i dag av den unge polarmåsehannen.




lørdag 30. mars 2013

Svartstrupe og polarmåsar m.m. Sandsøya 21-30.03.13

Den siste veka har det ikkje vore så alt for stor aktivitet i felten. Men sjølvsagt så har det no blitt nokre turar ut. Dette har i hovudsak berre vore korte turar, då for å holde litt oversikt på kva som bevegar seg. Det har sjølvsagt blitt sett gjennom dei få måsane som har vore på hamna. Det har då resultert i 2 2K polarmåsar og
1 2K grønlandsmåse. Ein av polarmåsane har vorte sett før, medan grønlandsmåsen har oppholdt seg i nærområdet sidan den 13.desember i fjor. Utanom desse måsane så har det ikkje vore alt for mykje å rope hurra for, desverre. Den kalde veirtypa har gjort sitt til at aktiviteten på fugletrekket har vore heller labert. Likevel er det håp. For i dag var nemleg årets første svartstrupe på plass på Sandsøya. Fuglen var ein hann, og den var aktivt syngande og næringssøkande. Denne hannen utgjer faktisk den første svartstrupa som har blitt observert på øyane sidan starten av mai i 2011. Men ein må heilt tilbake til 2010 for vellukka hekking. Paret som vart sett på den samme loklaiteten i 2011 fordufta etter relativt kort tid. Før dei harde vintrane i 2009/2010 og 2010/2011 vart det eit tosifra antall med svartstruper på Sandsøya. Men i og med at alle desse para prøvde å overvintre bukka dei desverre under. Tek ein tida til hjelp så vil nok bestanden bygge seg opp på nytt, berre forholda ligg til rette for det. For lyngheiane er ikkje dei samme utan svartstrupa...

Her er nokre bilder frå i dag.
Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen/Sandsøya 30.mars 2013

Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen/Sandsøya 30.mars 2013

Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen/Sandsøya 30.mars 2013


Når det gjeld måsane så har også den finskmerka 2K gråmåsen som først vart oppdaga av Sindre Molværsmyr den 19.februar blitt sett. Den vart sist sett på Sandshamna den 28.mars og virkar å ha blitt ganske så stasjonær. Eg har desverre fortsatt ikkje mottatt ringmerkingsdata på denne fuglen. Men det kjem forhåpentlegvis etter kvart. 

Her er nokre polarmåsebilder frå dei siste dagane.
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 28.mars 2013
Dette er den samme fuglen som blei avbilda i blogginnlegget frå den 6.mars.
 
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 28.mars 2013
Dette er den samme fuglen som blei avbilda i blogginnlegget frå den 6.mars.
 
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 30.mars 2013
Denne måsen er samanlikna med fuglen over mykje slankare og smekkrare,
med ganske lite avrunda hovud og veldig spinkelt nebb. Alt dette indikerar
at dette er ein hofugl. Medan måsen over er stor og kraftig, med eit stort og
kraftig hovud og nebb, og må vere ein hann.

onsdag 20. mars 2013

KASPIMÅSE, Sandshamna 20.03.13

For nokre få dagar sidan invisterte eg i eit nytt teleskop. Dagen i dag blei brukt ein del til å teste skopet. "Testen" enda i  å prøve å lese av ein metallring på ein gråmåse på alt for langt hold. Etter litt om og men så gikk den i boks. Det nye skopet mitt har 95mm åpning og er dermed svært lyssterkt. Vidare så har det 30-70x forstørrelse noko som er ein stor fordel. For ei slik rekkevidde gjer susen når ringane er alt for små og fuglane er alt for langt vekk, eller fuglar skal arts- og aldersbestemmast på langt hold og under dårlige lysforhold. Etter å ha "leika" meg ei stund med det nye teleskopet auka pulsen betraktelig. For måsen som eg plutseleg satt og såg på gjennom skopet var nemlig ein fullt utfarga KASPIMÅSE. Med kaspimåsen frå februar friskt i minnet såg eg nærmare på individet. Denne kaspien gav ikkje den samme "feelingen" som den forrige. Dagens fugl var nemleg ein god del mindre, og langt i frå så grov som februar-fuglen. Ellers så var beinfargen, nebbteikningar og vingeteikningar forskjellige. Dermed har eg med dagens fugl no hatt utrulige tre kaspimåsar på Sandshamna på Sandsøya på berre eit halvt år! Med dagens fugl har eg då hatt fem kaspimåsar sidan 2010. Dette er dei fem einaste funna av arten i M&R og samtidig dei nordligaste funna av arten i Norge. Dagens måse var ganske klassisk, då sett bort i frå at den ligg i den delen av spekteret med fuglar som har mykje svart i håndsvingfjørene. Slike måsar blir referert til som austlege fuglar, då dei austlege kaspimåsane har meir svart i hånda enn det dei vestlege har. Ei anna problemstilling er ein hybrid kaspimåse x gråmåse. Denne hybriden kan også vise slike vingeteikningar. Men ser ein vekk i frå at denne måsen har mykje svart i hsf. så er det ingenting anna på fuglen som skulle tilseie at det åpenbart er gråmåsegener innablanda her. Men sjølvsagt så må fuglen ha ringar på beina visst ein skal vere heilt sikker! Ellers så vart lyden også høyrd, og den var innertiar for kaspimåse. Den vart ved fleire anledningar "plukka ut" frå dei andre måsane i flukt ved hjelp av lyden. Under dei lengre sekvensane med "roping" viste den også delvis den såkalla "albatross posituren" med vingene ut og bak, og hovudet ca.90 grader heva. Dette skal vere diagnostisk for arten.

Her er nokre bilder av måsen frå i dag.  
Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Her er ei bildemontsje som viser måsen ståande i forskjellige positurar. Legg merke
til den oppreiste kroppsholdninga, den slanke kroppen og den lange halsen. 
Også smal langstrakt bakpart med lang handsvingprojeksjon. Vidare, lite mørkt
auge i lite avrunda hovud, ganske smalt og langt nebb
og relativt lange bein m.m.
Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Når måsen blei sett i flukt kunne ein tydelig sjå dei lange og smale vingene.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Måsen var ved fleire anledningar svært vokal. Låten samsvara perfekt med
kaspimåse, og ved flerie anledningar vart den "plukka ut" ved hjelp av lyden.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Denne måsen ser ved første augekast heilt utfarga ut. Men går ein nærmare
inn og studerer særleg dei store hånddekkarane så ser ein mørk pigmentering
langs fjørskaftet på den nest ytterste dekkaren. Dette kan då indikere at denne
fuglen er ein yngre adult? (5K?), og dette kan muligens forklare noko av mengda
svart i hsf., samt den korte tunga på undersida og det svart båndet mot tuppen
på P10 . Likevel matchar desse vingeteikningane vist på måsar
 frå den austlege delen av utbreielsesområdet.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013