Starten på denne månaden har blitt brukt til ein god del skoding på Sandsøya og Voksa. Det har blitt tatt nokre runder rundt om på både øyane, men mesteparten av tida har blitt brukt på Sandshamna på Sandsøya. Der har det vore bra aktivitet på fiskemottaket og dermed eit ganske så bra antall med måsar. Rundt om på øyane utanom Sandshamna så er det fortsatt lite å sjå. Men blandt anna så har
svartstrupehannen som først vart oppdaga den 30.mars blitt stasjonær i Sandsvågen på Sandsøya. Der er den svært aktiv syngande, og forhåpentlegvis så dukkar det opp ei hoe også snart. Ellers så vart mi første vipe for året sett på sørsida av Sandsøya den 1.april. Utanom desse to observasjonane er det desverre lite å melde om. På Sandshamna derimot er det litt av kvart å sjå. Den 2.april dukka det opp ein
2K sildemåse. I og med at måsen har eit utprega kaspimåse-jizz og i tillegg har relativt lyse indre håndsvingfjører gikk tankane i retning den austlege underarten heuglini. For å få klarheit i om det kunne vere ein ei slik austleg sak vart det sendt nokre mailar til utenlandske ekspertar. Svaret eg fikk frå ekspertisen var at måsen "min" hadde ingen fjørdraktkarakterar som skiller den i frå ein vestleg graellsii/intermedius. Ein heuglini burde komt lenger i mytinga, då særleg i handdekkarane, samt at fjørdrakta burde vært mindre slitt. Uansett så er ein 2K sildemåse her i Norge ein relativt stor raritet. Desse yngre sildemåsane heng som oftast igjen lenger sør i Europa og i Afrika. Måsen var fortsatt på plass i dag. Når vi først er inne på sildemåsar så har det så smått starta å dukke opp voksne sildemåsar også. Den første utfarga sildemåsen vart sett den 3.april. Normalt så dukkar desse opp rundt den 15.mars, men i år har ugunstige veirforhold gjort sitt til at dei er nokre veker forsinka.
Her er nokre bilder frå dei siste dagane av den heilt råe 2K sildemåsen.
|
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013 |
|
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013 |
|
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013 |
|
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013 |
|
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013 |
|
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013 |
|
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013
Her står sildemåsen nest lengst til venstre med ein 3K gråmåse rett bak seg.
Legg merke til jizzet på fuglen i forhold til gråmåsane. Mykje smekkrare og
elegant med ein lang bakpart og lange vinger. |
Her er også ein liten videosnutt av fuglen.
Kvitmåsar m.m.
Utanom sildemåsen så er fortsatt dei
2 2K polarmåsane på plass, det samme er den stasjonære
2K grønlansmåsen som har blitt sett i området dei siste månadane. Når det gjeld avlesingar av ringmerka måsar så vart det i går sett ein 2K svarbak som blei merka i Danmark som reirunge i fjor, samt ein 2K gråmåse som blei merka i Byparken i fjor som ein 1K-fugl. Eg har også fått nokre gjenfunn frå utlandet på måsane som eg merka som reirungar i fjor sommar. Dette vil eg kome tilbake til i eit eige innlegg.
Her er nokre bilder av dei stasjonære kvitmåsane.
|
Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 1.april 2013 |
|
Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013 |
|
Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013 |
|
Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 5.april 2013 |
|
Grønlandsmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 5.april.
Denne har vore i området sidan den 13.desember i fjor. |
Heilt til slutt så er her er eit lite videoklipp frå i dag av den unge polarmåsehannen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar