fredag 17. januar 2014

Sandshamna 10-17.01.14

I løpet av den siste veka har eg prøvd å få inn nokre timar med måseskoding kvar dag. Det har nemleg vore fleire dagar der det har vore veldig bra med fugl å sjå innom på hamna. Med optimale veirforhold, altså litt småsurt veir med litt vind og skyer, blir det også bra med fugl å sjå. Blir det derimot vindstilt og sol, trekker dei fleste måsane ut på havet for å finne næring der. Dei siste dagane har vi hatt litt av begge typer veirforhold. Men skulle eg bestemt veiret vidare framover så hadde det altså blitt laber til frisk bris frå sør/sørvest og skya, med muligens litt nedbør. Med slike veirforhold i tillegg til mykje fiskeri og levering på fiskemottaket, ville alt ligge til rette for eit bra antall med måsar. Og dess fleire der er, dess større sjangs har ein på å finne gobiten. Men akkurat veiret er det desverre vanskelig å styre, så ein får berre ta det ein får...

Når det gjeld andre fuglar rundt om på Sandsøya og Voksa så er det svært lite å sjå. Det mest interessante som er å melde var det ikkje eg sjølv som observerte, men eg fekk det rapportet vidare. For eit par dagar sidan vart det nemleg sett ein svartstrupehann på sørsida av Sandsøya. Så det spørst om eg ikkje må ta meg ein dag eller to for å gå fjøresona rundt øya for å sjå om det er svartstruper som overvintrar. For så mildt som det har vore så og seie heile denne vinteren burde alt ligge til rette for overvintring.

Fleire "kvitmåsar"...
I løpet av dei første 17 dagane av det nye året så har det vore bra med kvitmåsar innom på hamna. Det er då først og fremst snakk om grønlandsmåsar. For dei totalt sju "kvitmåsane" som har blitt observert har vore fordelt på
5 grønlands- og 1 polarmåse. Alle desse har vore 2K-fuglar. Utanom dei så har det ikkje vore all verden, då sett bort i frå ei spennande avlesing eller to av fargemerkte måsar. Under kan du sjå nokre bilder av polarmåsen, samt av to av dei nye grønlandsmåsane frå dei siste dagane.

Polarmåse
Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014

Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014


Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014
 
Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014



 
Grønlandsmåsar (Mørkt og lyst ind.)
Grønlandsmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 17.januar 2014

Grønlandsmåsar 2K, Sandshamna/Sandsøya 17.januar 2014
Det lyse og det mørke ind. til samanlikning.

Grønlandsmåsar 2K, Sandshamna/Sandsøya 17.januar 2014
 

torsdag 9. januar 2014

Ein "kvit" start på året...

På denne tida av året er det ikkje så alt for mykje fugl å sjå. Men heldigvis så har vi måsar! Og når det gjeld måsane er det no og utover det virkelig er sjangsar for litt av kvart. Med silde- og torskefisket som om ikkje mange vekene tek til for fullt, kjem det også store antall med måsar som blir tiltrekte av alt avfallet frå fiskeriet. Og med store antall av fugl aukar også sjangsen for å finne gobiten betrakrelig. Dei første dagane av året har fiskeriet allereie tatt seg opp, og det har vore relativt greie antall med måsar å sjå.

Det er alltid like interessant å "ploge" gjennom ei flokk med måsar, for ein veit aldri kva ein vil finne. Riktignok så er det veldig langt mellom dei virkelig store raritetane. Men då kan ein "kose seg" med å lese av merkte måsar, om ikkje anna. Og der er ein del av den merkte sorten der ute... Det er også like interessant å studere fuglane og å sjå den enorme variasjonen denne artsgruppa oppviser.

Så langt i år så er det mest interessante som har blitt observert på Sandshamna på Sandsøya to 1.vinter grønlandsmåsar. På slutten av fjoråret blei det sett ein god del av arten lenger sør langs kysten. Så ein må kunne forvente at det i løpet av vinteren vil dukke opp ein del fleire av denne vestlige kvitmåsen.

Her er nokre bilder av dei to grønlandsmåsane til no i januar. Dei to fuglane er i vidt forskjellige delar av variasjonsspekteret hos 1.vinter grønlandsmåse. Den einen er veldig markert teikna og mørk, medan den andre er lys og lite teikna. Den mørke er også ei soleklar hoe, då sett ut i frå størrelsen på fuglen, medan den lyse er mykje større og muligens ein hann.

Ind. 1
Grønlandsmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 8.januar 2014
Ut i frå størrelsen på fuglen er dette ei soleklar hoe.

Grønlandsmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 8.januar 2014

Grønlandsmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 8.januar 2014

Grønlandsmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 8.januar 2014

Grønlandsmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 8.januar 2014
 
 

Ind.2
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 9.januar 2014

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 9.januar 2014

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 9.januar 2014
Med ein 2K/1.vinter gråmåse i forgrunnen.

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 9.januar 2014
 

onsdag 8. januar 2014

Året som gikk...

Då er det nokre dagar sidan 2013 var omme. Og året som gikk gav mange fantastiske og uforgløyemelege opplevelsar. Ein del av desse opplevelsane var møter med sjeldenheiter. Då snakkar vi om artar som kaspimåse, elvesongar, sumpsongar, busksongar, trostesongar og tundrapiplerke for å nemne dei sjeldnaste. Men det trengst ikkje store sjeldenheiter for å holde motivasjonen oppe. Det er berre å gi meg eit par gråmåsar så er eg fornøgd! Det er minst like interessant å studere ein art/ ei artsgruppe for å lære dei betre å kjenne, enn å heile tida berre skulle jage etter dei sjeldnaste av dei sjeldne. Ein får heller ta "bombene" som krydder i kvardagen.

I løpet av 2013 vart det jobba spesielt med artar som gråmåse, svartbak, sivsongar og grashoppesongar. I tillegg til desse vart det i jobbsamanheng også jobba med sjøfuglar som blant anna lunde og krykkje mfl. Dette har vore både lærerikt og givande.

No er det på tide å sjå tilbake på nokre av høgdepunkta frå året som gikk! Under kan du sjå bilder av, samt lese om nokre av dei...
 
Austleg kaspimåse eller kaspimåse x gråmåse hybrid 5K+(adult),
Sandshamna/Sandsøya 20. mars 2013
I februar vart M&R sin fjerde kaspimåse sett på Sandshamna på Sandsøya. Denne gongen var det snakk om ein voksen fugl. Tidligare så hadde eg hatt to 1.vinter fuglar og ein 3.vinter fugl. I mars dukka fuglen som er avbilda over opp på hamna. Denne "kaspisaken" har utrulig nok for mykje svart i håndsvingfjørene, i hvert fall for den vestlege typen ponticus. Alle dei andre karakterane som fuglen viser er fine for kaspi, ja heilt ned til lyden. Dermed kokar det ned til at dette enten er ein austleg fugl, som då oppviser slike vingeteikningar, eller at dette er ein kaspi- x gråmåse hybrid. Fasitsvaret får ein aldri vite. Men det trengst strengt tatt heller ikkje. For det var litt av ein opplevelse å ha ein måse som flaug over aktivit lydtredane med klassisk kaspimåse-lyd.
 

 
Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 28.mars 2013
Kvitmåsane er alltid like nydelige, då både polar- og grønlandsmåsane. I slutten av februar dukka det opp ein grønlandsmåse av "typen" kumlieni. Det mest korrekt her er å betrakte desse som hybridar av den nordamerikanske eskimomåsen og den grønlandske grønlandsmåsen. Dette er uansett ei stor sjeldenheit her i Norge, og før den store kvitmåseinvasjonen vinteren 2011/2012 var det ikkje mange funna av denne "typen" her til lands.
 
 
Lunde 4K+(adult), Runde 11.april 2013
Eit av årets store høgdepunkt er årets første tur i lundeura på Runde. I fjor var dagen perfekt med eit stort antall svermande lundar i nydelig vårsol og vindstille. Men 2013 vart dessverre eit dårleg å for arten på Runde. For etter å ha summert opp etter årets hekkesesong enda ungeproduksjonen på ca. 14%. Dette er ikkje akkurat noko å skryte av, i toppåra er nemleg ungeproduksjonen på heile 75%. Av dei andre sjøfuglane på Runde var det berre havsula som gjorde det skikkeleg bra. No er det eit nytt år, så då er det berre å håpe på at det er dette året det endelig skal bli fullklaff på fugleøya.
 

 
Svartbak 5K+(adult) M, Toftesundholmen/Sandsøya 4.mai 2013
I 2013 vart det satsa ein god del på merking av måsar. Då både med fellefangst av voksne fuglar, samt ungemerking. Den voksne svartbakhannen som er avbilda over var ein av dei totalt 353 stormåsane (gråmåse, sildemåse og svartbak) som blei ringmerkte i 2013. I tillegg til desse blei det både merkt fiskemåsar og krykkjer... 

 
 
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 12.mai 2013
Etter å ha leita i eit par veker etter grashoppesongarar var det ufattelig deilig når den første for året endeleg vart lokalisert den 10.mai på Voksa. Bildet over er tatt av songaren eit par dagar etter at den dukka opp. I 2013 vart grashoppesongarprosjektet mitt vidareført. Dette prosjektet vart starta av Kjell Mork Soot og meg i 2010. Dette vart dermed det fjerde året eg har følgt nøye med arten på Sandsøya og Voksa. I løpet av året så vart det blant anna ringmerkt 20 grashoppesongarar. No ser eg fram til ein ny sesong, og forhåpentlegvis så kan eg lære arten enda betre å kjenne.
 
 
Busksongar 2K+ M, Våge/Sandsøya 20.juni 2013
Natta til den 20.juni dukka det endeleg opp ein art som eg hadde venta lenge på at skulle dukke opp her på øyane. Det er då snakk om den austlege arten busksongar. Og ikkje nok med at den dukka opp, det er den mest fotogene songaren eg har vore ute for. Eg kunne sitte heilt ope på 6-7 meters hold utan  at han brydde seg i det heile tatt! Eit av bilda som blei tatt av fuglen ser du ovanfor.
 

 
Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
Den 28.juni vart turen lagt til Male i Fræna kommune for å få med meg M&R sin andre sumpsongar. Visst du leitar godt på bildet over så finn du songaren som her er avbilda syngande av full hals. I og med at eg er hekta på locustella-songarar så kan eg vel trygt seie at pulsen steig eit par hakk i det den første "sangstrofa" kom...
 

 
Tartarpiplerke 1K, Ona 27.september 2013
I slutten av september vart turen lagt til Ona for litt feltsatsing. Og sjølvsagt var det sjeldenheiter som sto på menyen. Den største rariteten som vart sett dei dagane eg var der, var M&R si tredje tundrapiplerke. Men fuglen som kanskje gjorde mest inntrykk var tartarpipleka som du ser på bildet over. For det er ikkje akkurat daglegdags å ha ei tartarpiplerke pilande rundt deg på berre nokre få meters hold!
 
 
Etter å ha tatt eit lite tilbakeblikk på året som gikk er det berre å sjå framover og håpe på at året som kjem kan bli like bra. Eg skal i hvertfall gjere mitt for at det skal verte akkurat det! Så då gjenstår det vel berre å ønske alle eit litt forsinka godt nytt år...