fredag 17. januar 2014

Sandshamna 10-17.01.14

I løpet av den siste veka har eg prøvd å få inn nokre timar med måseskoding kvar dag. Det har nemleg vore fleire dagar der det har vore veldig bra med fugl å sjå innom på hamna. Med optimale veirforhold, altså litt småsurt veir med litt vind og skyer, blir det også bra med fugl å sjå. Blir det derimot vindstilt og sol, trekker dei fleste måsane ut på havet for å finne næring der. Dei siste dagane har vi hatt litt av begge typer veirforhold. Men skulle eg bestemt veiret vidare framover så hadde det altså blitt laber til frisk bris frå sør/sørvest og skya, med muligens litt nedbør. Med slike veirforhold i tillegg til mykje fiskeri og levering på fiskemottaket, ville alt ligge til rette for eit bra antall med måsar. Og dess fleire der er, dess større sjangs har ein på å finne gobiten. Men akkurat veiret er det desverre vanskelig å styre, så ein får berre ta det ein får...

Når det gjeld andre fuglar rundt om på Sandsøya og Voksa så er det svært lite å sjå. Det mest interessante som er å melde var det ikkje eg sjølv som observerte, men eg fekk det rapportet vidare. For eit par dagar sidan vart det nemleg sett ein svartstrupehann på sørsida av Sandsøya. Så det spørst om eg ikkje må ta meg ein dag eller to for å gå fjøresona rundt øya for å sjå om det er svartstruper som overvintrar. For så mildt som det har vore så og seie heile denne vinteren burde alt ligge til rette for overvintring.

Fleire "kvitmåsar"...
I løpet av dei første 17 dagane av det nye året så har det vore bra med kvitmåsar innom på hamna. Det er då først og fremst snakk om grønlandsmåsar. For dei totalt sju "kvitmåsane" som har blitt observert har vore fordelt på
5 grønlands- og 1 polarmåse. Alle desse har vore 2K-fuglar. Utanom dei så har det ikkje vore all verden, då sett bort i frå ei spennande avlesing eller to av fargemerkte måsar. Under kan du sjå nokre bilder av polarmåsen, samt av to av dei nye grønlandsmåsane frå dei siste dagane.

Polarmåse
Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014

Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014


Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014
 
Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 16.januar 2014



 
Grønlandsmåsar (Mørkt og lyst ind.)
Grønlandsmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 17.januar 2014

Grønlandsmåsar 2K, Sandshamna/Sandsøya 17.januar 2014
Det lyse og det mørke ind. til samanlikning.

Grønlandsmåsar 2K, Sandshamna/Sandsøya 17.januar 2014
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar