fredag 26. november 2010

Arkiv "fotos" del 3

Den siste veka har det ikkje vore det heilt store på fuglefronten. Ikkje noko særleg med måsar, samt ferre dykkarar og lommar. Men snart dukkar vel vinterens første grønlandsmåse opp på Sandshamna. For det er nok på måsefronten det er størst sjangs for å finne ei sjeldenheit denne vinteren...? Den tida på året det er flest måsar på hamna er frå slutten av desember til midten av april. Sjølvsagt er det ganske stor variasjon i antall måsar frå dag til dag og frå veke til veke. Det virkar faktisk å vere nesten slik at når det er helg og liten aktivitet på fiskemåttaket (Kjetta) så tek måsane også helg. Ja for kva er vel vitsen å henge rundt på hamna uten noko mat og finne?

Her er nokre bilder frå 2009 og 2010...
Havørnunge. Juni 2010
Denne unge storlomen hold seg ved Voksa i over ein månad frå starten
av semtember til godt ut i oktober 2010.

Storlom 1K
Skjærpiplerke i vintersol. November 2010
Grønlandmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 2009.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 2009

torsdag 18. november 2010

Arkiv "fotos" del 2

Dei siste par dagane har eg sett litt gjennom sommarens utallige grashoppesongarbilder og funne fram til nokre som ikkje er lagt ut før! Det passar no også fint no i vinterkulda, å sjå på bilda for so å drøyme seg fram (eller tilbake) til vår og sommar.

Eg har også vore på eit par "runder" dei siste par dagane. Her er observasjonane som vart gjort.

17-18. november:
vipe 1 (Voksa)
tjeld 1 (høyrd) (Voksevegen)
islom 7+  (havområdet mellom Sandsøya og Voksa)
gråstrupedykkar 4   (havområdet mellom Sandsøya og Voksa)
horndykkar 3  (havområdet mellom Sandsøya og Voksa)
svartand 10  (Voksevegen)
begand 1K F (forts.)  (Voksevegen)
teist 1 ad.  (Voksevegen)
alkekonge 5-10  (Havområdet rundt Sandsøya og Voksa)
sangsvane 29 (8 1.vinter)  (Sandsøya)

Grashoppesongar






 
 
 
  Eg kom også over nokre litt eldre bilder. Frå 2007 og 2008.
einaste funnet av rørsongar på Sandsøya og Voksa.
Dette bildet blei tatt når den vart fanga og ringmerka
7.juli 2007.
vaktel, Voksa juli 2008

søndag 14. november 2010

Arkiv "fotos"

Her er eit lite utvalg av bilder som eg ikkje har lagt ut på bloggen før, frå i vår, sommar og haust.

buskskvett M (juni)
dvergsnipe 1K (september)
gluttsnipe 1K (august)
havørn pull (juni)
lappspove 1K (august)
jernspurv M (april)
lunde (april)
sandlo (august)