fredag 26. november 2010

Arkiv "fotos" del 3

Den siste veka har det ikkje vore det heilt store på fuglefronten. Ikkje noko særleg med måsar, samt ferre dykkarar og lommar. Men snart dukkar vel vinterens første grønlandsmåse opp på Sandshamna. For det er nok på måsefronten det er størst sjangs for å finne ei sjeldenheit denne vinteren...? Den tida på året det er flest måsar på hamna er frå slutten av desember til midten av april. Sjølvsagt er det ganske stor variasjon i antall måsar frå dag til dag og frå veke til veke. Det virkar faktisk å vere nesten slik at når det er helg og liten aktivitet på fiskemåttaket (Kjetta) så tek måsane også helg. Ja for kva er vel vitsen å henge rundt på hamna uten noko mat og finne?

Her er nokre bilder frå 2009 og 2010...
Havørnunge. Juni 2010
Denne unge storlomen hold seg ved Voksa i over ein månad frå starten
av semtember til godt ut i oktober 2010.

Storlom 1K
Skjærpiplerke i vintersol. November 2010
Grønlandmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 2009.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 2009

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar