lørdag 27. august 2011

Fargemerka gråmåse på Sandshamna 27.08.11

I dag var det ein god del måsar på Sandshamna. Dermed var det berre å ploge i gjennom dei..... Det resulterte ikkje i noko sjeldent, desverre. Men eg fann ein voksen gråmåse som var fargemerka.

Her er eit bilde av måsen.
Gråmåse 8K+, Sandshamna
Den var merka med JM3K.
Gråmåsen vart merka som ein 3K+ fugl i juni 2006 på Valderøya i Giske kommune i Møre og Romsdal. Her er detaljane.

Dato         Stad                                                              Koordinatar        Observatørar    Dagar/km/°

18.06 2006 Skjongskaret, Valderøy, Giske, Møre og Romsdal, Norway 62°30'09"N 006°06'47"E Petter Birger Folkestad -
27.08 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 1896/43/229


Og til slutt eit oversiktskart...

torsdag 25. august 2011

FJELLMYRLØPAR på Storeviksanden (Sandsøya) 25.08.11

Endelig skulle det dukke opp noko spennande på Storeviksanden.... Og det vart i form av Sandsøya og Voksa sin første Fjellmyrløpar! Dette vart min 204. art på øyane! Ellers var der også mykje andre vadarar å sjå....

Her er nokre bilder av dagens mest eksklusive....
Fjellmyrløpar 1K, næringssøkande i lag med myrsniper
Fjellmyrløpar 1K

Her er dei andre observasjonane som vart gjort på sanden i dag.
dvergfalk 1 1K
sandlo 50+
sandløpar 2 1K
myrsnipe 60+
tundrasnipe 10+ (1.ad.)
dvergsnipe 35+ 1K
skogsnipe 1+
gluttsnipe 5+
lappspove 1 1K
brushane 6 1K


Hønsehauk...
Etter at eg var ferdig på sanden fikk eg telefon heim om at det var ein rovfugl som hadde tatt livet av ei høne på Sandsøya. Rovfuglen hadde satt seg fast i nota som skulle holde hønene inne og uvedkomande ute... Når eg kom ditt so viste rovfuglen seg å vere ei ung hønsehaukhoe. Då var det berre å få den laus og på vingene att. Verre var det med høna... So eg kondolerer til den vesle guten som mista favoritthøna si.

Her er nokre bilder av hauken.
Hønsehauk 1K F
Hønsehauk 1K F

Storeviksanden (Sandsøya), 24.08.11

Her er nokre bilder, og litt fuglenytt frå i går.

Gårsdagens observasjonar på Storeviksanden:
dvergfalk 1 (truleg)
sandlo 90+
sandløpar 1 1K
steinvendar 2 1K
myrsnipe 60+
tundrasnipe 5+
dvergsnipe 10-15+ 1K
brushane 3 1K


Og nokre bilder frå i går.
Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K
 
Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Brushane 1K

Sandlo 1K

Tundrasnipe 1K

Sandløpar 1K t.v. og myrsnipe 1K t.h.