torsdag 25. august 2011

FJELLMYRLØPAR på Storeviksanden (Sandsøya) 25.08.11

Endelig skulle det dukke opp noko spennande på Storeviksanden.... Og det vart i form av Sandsøya og Voksa sin første Fjellmyrløpar! Dette vart min 204. art på øyane! Ellers var der også mykje andre vadarar å sjå....

Her er nokre bilder av dagens mest eksklusive....
Fjellmyrløpar 1K, næringssøkande i lag med myrsniper
Fjellmyrløpar 1K

Her er dei andre observasjonane som vart gjort på sanden i dag.
dvergfalk 1 1K
sandlo 50+
sandløpar 2 1K
myrsnipe 60+
tundrasnipe 10+ (1.ad.)
dvergsnipe 35+ 1K
skogsnipe 1+
gluttsnipe 5+
lappspove 1 1K
brushane 6 1K


Hønsehauk...
Etter at eg var ferdig på sanden fikk eg telefon heim om at det var ein rovfugl som hadde tatt livet av ei høne på Sandsøya. Rovfuglen hadde satt seg fast i nota som skulle holde hønene inne og uvedkomande ute... Når eg kom ditt so viste rovfuglen seg å vere ei ung hønsehaukhoe. Då var det berre å få den laus og på vingene att. Verre var det med høna... So eg kondolerer til den vesle guten som mista favoritthøna si.

Her er nokre bilder av hauken.
Hønsehauk 1K F
Hønsehauk 1K F

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar