fredag 10. september 2010

Havsvale, Erkna 10.09.10

I dag var eg med på Erkna og merka havsvale. Vi merka i alt 9 ungar og ein voksen fugl.
Dei fleste ungane var 2-3 veker gamle. Havsvala har lang ruge- og reirtid, og dei fleste ungane forlet ikkje reiret før i slutten av oktober til starten på november. Då er har dei fullt utvikla fjørdrakt og dermed fullt flygedyktige.
Desse fuglane er ikkje akurat veldig tunge. Vekta på ungane i dag varierte frå 20-38 gram. Ein voksen fugl har ei gjennomsnittsvekt på 25 gram.

Her er eit videoklipp av ein havsvaleunge!



Andre observasjonar frå Erkna:
lappspurv 15+
steinskvett 2-3
strandsnipe 1
polarsnipe 1 1K
sandløpar 1 1K

Nokre bilder frå Erkna!

Havsvale pull

Havsvale pull

Havsvale pull

Havsvale (ad.)

Lappspurv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar