fredag 18. februar 2011

Måsenytt 17-18-02.11

Det blir kanskje mykje måsestoff for øyeblikket, men eg greier berre ikkje å slutt å studere desse tøffe skapningane.

I går vart det satsa knallhardt på måsane, slik eg har gjort heile veka. Men det var berre gammalt nytt. Polarmåsen (5K/4.vinter) var fortsatt på plass. Det var også den eine engelsk-merka gråmåsen.

Gråmåse 5K+ (merka med XJ0T)
Denne er truleg fargemerka i Essex, England,
men ventar fortsatt på svar frå merkarane.


Nok ein gulbeint gråmåse....
I dag vart det ikkje satsa noko særleg på måsane, men når eg skulle på hamna og der var ein del måsar greidde eg selvfølgeleg ikkje å la vere å sjå over dei. Det resulterte i ein adult gulbeint gråmåse. Desse kan til forveksling vere svært lik ein gulbeinmåse. Gulbeinte gråmåsar er ikkje veldig vanleg å sjå her omkring, men det hender. Denne veka har eg sett min. 6. ind. Men dagens måse var definitivt den mest interessante. Under kan du sjå kva som er "feil" med denne visst det skulle ha vore ein gulbeinmåse.

Legg merk til den kraftig raude orbital ringen (augering).
Den er veldig raud og kraftig for å vere ein gråmåse!
Og ville vore perfekt på ein gulbeinmåse!
Her kan du sjå kor mykje svart/kvitt det er i håndsvingfjørene.
Den har svarte bånd på dei 6 ytterste håndsvingfjørene (P5-P10),
men det svarte båndet på P5 er ikkje veldig bredt. Og på høgre vinga er
det faktisk delt. Den har også svart på HF nr. 7 sett utanfrå (P4),
men dette er svært minimalt.
(Dette er den første gråmåsen eg har sett med svart i P4!)
Eit anna kjenneteikn som skiller denne frå ein gulbeinmåse er den lyse
"tunga" på P10 (den ytterste HF). (På bildt er denne markert)
Ein gulbeinmåse ville hatt svart mykje lenger inn på denne fjøra! 
Her er ei samanlinkning mellom gråmåsen t.v. og ein gulbeinmåse t.h.
Hovudforma og nebbforma på måsen t.v. (gråmåsen) er prikk lik gråmåsane.
Legg merke til forma samanlinkna med gulbeinmåsen. På gråmåsen er
hovudet ganske lite og avrunda, og nebbet er ikkje fullt så kompakt
og kraftig som på gulbeinmåsen (t.v.) Nebbet har heller ikkje ein like butt
tupp som hos gulbeinmåsen! Ellers så virka gråmåsen ganske tynn og
atletisk, og svært lik ein gulbeinmåse i kroppsfrom.
Men alt i alt er dette ein gråmåse!

Her er ein gulbeint gråmåse frå tidlegare denne veka. Trykk på linken!
http://www.nofmr.no/fotogalleri/vanlige-fugler-i-mr/gramase-omissus-type-5k-voksevegen-14feb-2011-1384#joomimg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar