søndag 6. februar 2011

Spurvehauk på fjøsbesøk!

I kveld i halv 8 tida fikk eg ein telefon frå Øystein Baade (bonde på Voksa) om at han hadde ein hauk i fjøsen. Nokre minutt etter kunne eg sjå den med mine eigne auger. Hauken viste seg å vere ein ung (2K) spurvehaukhann som hadde forvilla seg inn i fjøsen, då truleg på gråspurvjakt. Etter å ha tatt nokre bilder av den, blei hauken etter litt om og men fanga og satt fri. Noko eg trur hauken blei glad for. Men dei som kanskje blei aller mest glade var gråspurvane.

Her er nokre bilder av den forvilla spurvehauken. Kanskje ikkje i sitt rette miljø, men som alltid nydlig!
Og som alltid, klikk på bilda for eit større format!
spurvehauk 2K M
spurvehauk 2K M

spurvehauk 2K M

spurvehauk 2K M

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar