søndag 13. mars 2011

Fargemerka gråmåse på Sandshamna 13.03.11

I dag skulle eg egentleg ha heilt fri for fuglar. Men den gong ei! Eg var tilfeldigvis ute og kjøyrde når eg såg at det hadde komt inn ein del måsar på Sandshamna. Dei måtte eg sjølvsagt "ploge" gjennom. Det resulterte ikkje i noko sjeldent, men derimot i nok ein Norskmerka gråmåse. Denne gongen i frå Husholmen i Bjarkøy kommunde i Troms. Under kan du lese historia til måsen.

Her er årets dårligaste dokumentasjonsfoto så langt.
Gråmåse 3K (2.vinter) merka med J1296.
Den vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) i 2009!

Dato           Stad                                                                          Koordinatar               Observatørar                  Dagar/km/°
30.07 2009 Husholmen, Froholman, Bjarkøy, Troms, Norway 69°03'11"N 016°20'00"E Helberg, Morten
Maløya Torland, Klaus
Noddeland, Jon -
13.03 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 591/903/218


Her er eit oversiktskart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar