fredag 22. april 2011

Sandsøya/Voksa 22.04.11

I dag vart det ei skikkeleg runde rundt på øyane i det fantastiske vårveiret. Og resultatet vart min 200 art på øyane. Den nye arten er ikkje akkurat ei stor sjeldenheit, men akkurat her heilt ute i havgapet er den ein mindre vanleg. Den nye arten var ei lauvmeis. Den vart høyrd syngande på Sandsøya. Utanom meisa so vart årets første låvesvale og lauvsongar sett og høyrd på Sandsøya. Av litt meir uvanlege artar vart det sett ein grønlandsmåse med karakterar mot den Kanadiske underarten kumlieni. (Sjå nederst i innlegget)

Nokre andre observasjonar frå i dag:
gråstrupedykkar 16+ (uvanleg mange!) (Havområdet mellom Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og Riste)
islom 4 (Havområdet mellom Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og Riste)
sangsvane 5 (2K) (Sandsøya)
kortnebbgås 4 (på plass sidan 20.april) (Voksa)
heilo 60+ (Voksa)
alke 2 (S-sida av Sandsøya)
svartstrupe 2 M+F (Sandsøya)
sivspurv 3-4 (Sandsøya og Voksa)
lappspurv 8+ (Voksa)
tornirisk ++ (Særleg i Vågen på Sandsøya)

Lydopptak av linerle
Her er eit lydopptak av ei linerle frå i dag.


Grønlandsmåse ua. kumlieni
I dag rasta det ein 2K grønlandsmåse på Sandshamna som hadde karakterar mot den kanadiske underarten kumlieni. Sjå bilder av den under.

 Denne måsen er stor og kraftig. Nebbet er også i det kraftigaste laget visst 
det skulle vore snakk om ein grønlandsmåse ua. glaucoides.

Her er det mulig å skimte mørke felt i dei ytterste håndsvingfjørene.

Legg merke til det krafige og veldig markerte stjertbandet. Dette stjertbandet 
peikar mot den kanadiske underarten i staden for den grønlandske.

Her ser ein tydelig det mørke stjertbåndet. Mørke armsvingfjører og 
det mørke i håndsvingfjørtuppane.

Her er eit par linkar til ein liknande fugl frå england.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar