mandag 4. april 2011

Svartstrupe

Som eg skreiv i det forrige innlegget so er svartstrupa på plass i år også. Den 1.april var det nemleg på palss ein syngande hann på Sandsøya.

Før vinteren 2009/2010 var det ikkje mindre enn 6-8 par spredt rundt om på Sandsøya. Og flesteparten av dei fikk fram ungar. Men når kulda slo til i desember 2009 var det ingen av dei 6-7 svartstrupepara som overvintra som greidde seg! Men heldigvis kom det eit par også i 2010. Paret fikk fram 3 kull med ungar den våren og sommaren. Og heldigvis er den på plass i år også!

Her er nokre bilder av svartstrupe frå 2010.
Svartstrupe M
Svartstrupe M

Svartstrupe M
Svartstrupe 1K (unge)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar