Etter å hatt opp igjen og opp igjen det same på fuglefronten på Sandsøya og Voksa i det siste så bestemte eg meg for å ta meg ein tur på Ona for å sjå om der kunne vere noko spennande. For Ona er nok den beste plassen i MR for å oppdage ei "bombe" no på hausten.
Den første dagen av oppholdet, altso i går den 1.september var ikkje noko særleg å skryte av. Det beste for dagen var
2-3 båndkorsnebbar. Altso ikkje all verden. Dermed var det berre å legge seg, å håpe på at dagen i dag skulle verte betre. Og gjett om den vart. Allereide etter 40 minutt so "small" det, og det small skikkeleg.
TARTARSONGAR!! MR sitt 2.funn av denne austlege songaren, og ca. den 13. totalt for Norge. Denne songaren har utbredelse i sentral-Russland til vest i Kina, og overvintrar i India.
Eg kom over den lyse songaren i det den var aktivt næringssøkande i nokre jolar og høymoler. Dermed var det berre å få fotodokumentert den grundig. Det er nemleg fleire austlege songarar som lignar på tartarsongaren, og den som er mest lik er ramasongar. Det er små detaljar som skiller desse. Som nebblengd, kor mykje svart det er i nebbet, fargetonar i fjørdrakta, handsvingfjørprojeksjon osv.
Her er nokre bilder av rariteten.
|
Tartarsongar 1K, Ona |
|
Tartarsongar 1K, Ona |
|
Tartarsongar 1K, Ona |
|
Tartarsongar 1K, Ona |
grattis med et tøft funn. Knall dokumentasjon av denne juvelen!
SvarSlettTakk for det!:) Det var litt av ein opplevelse....
SvarSlett