Den siste veka har det vore så og seie i ett med feltarbeid på havørnprosjektet, samt sjøfuglprosjekta på Runde. Dermed har det ikkje blitt så mykje tid til å følge med på fuglelivet på øyane. Men eg har prøvd å få inn nokre lytterunder etter nattsongarar, samt å sjå gjennom måsane på Sandshaman visst det har vore tid til det. På nattsongarfronten kan eg nemne at no har åkerriksa som var oppdaga på Voksa den 19.mai også fordufta. Den vart sist høyrd syngande den 2.juni. Den 5.juni vart årets
3. grashoppesongarhann for min del på øyane høyrd syngande på Voksa. Men desverre var den songaren også ein gjennomtrekkar. Dermed er det fortsatt berre songar "9E40523" som har tilhold på øyane. Den vart sist høyrd syngande i Våge på Sandsøya i natt som var. Ellers så er det fortsatt ein vaktelhann som syng på Voksa.
Ser ein vekk i frå nattsongarane vart det i dag sett
3 stjertender i Storevika på Sandsøya. Det var snakk om 1 hann og 2 hofuglar som var aktivt næringssøkande der. Litt før på kvelden vart det sett ein fargemerka gråmåse på Sandshaman. Og nettopp måsen kan du lese meir om under.
Fargemerka gråmåse..
|
Gråmåes 2K M (fargeringkode JN714), Sandshamna 7.juni 2012. |
Den 2K gråmåsehannen med fargeringkode JN714 vart merka som ein 2K-fugl den 22.april i Tranvågen, Ågotnes i Hordaland. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.
Dato Stad Koordinatar Observatørar Dagar/km/°
22.04 2012 Tranvågen, Ågotnes, Fjell, Hordaland, Norway 60°24'47"N 005°00'10"E Breistøl, Arild
Fjeldheim, Vegard Finset
Pedersen, Christian -
07.06 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 46/206/6
Her er eit oversiktskart.
|
Avstanden mellom Tranvågen og Sandshamna er på 206 km. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar