Nattsongarar
Grashoppesongaren som satt å song i Våge på Sandsøya frå den 24.mai viste seg "berre" å vere songar "9E40523" som kom attende for det 3 året på rad den 9.mai. Dermed vart dette den tredje sublokaliteten den har vore innom til no i Våge. Før den starta å synge på den siste lokaliteten så hadde eg verken høyrd eller sett noko av fuglen sidan den 16.mai. Så eg rekna med at den hadde funne seg ei hoe og at det var derfor den hadde slutta å synge. Men når den no har dukka opp syngande på ei mark ned mot Sandsvågen kan eg definitivt seie at den teorien var totalt feil.
Forflytningane til "9E40523" viser at eg mest truleg hadde rett i sesongane før 2010 og 2011 på at det var fleire songarar som for rundt og flytta på seg, og ikkje songarar som slutta å synge for så å bli erstatta av nye like ved. For når det er dårlege år slik som dette med få hoer vil dei buke ut eit større område for å finne ei hoe enn når det mange av dei. Dei kan også tillate seg å flytte rundt når alle territoria står tomme.
Her ser du eit bilde av songaren frå då eg leste den av den 28.mai. Under der igjen kan du sjå eit oversiktskart med forflytningane til fuglen.
Grashoppesongar M "9E40523", Våge/Sandsøya 28.mai |
Her er dei forflytningane som songaren har gjort til no... |
Av andre nattsongarar så er åkerriksa på Voksa fortsatt på plass og syng akrivt. Den vart sist høyrd syngande i natt som var den 31.mai. Åkerriksa i Våge på Sandsøya vart høyrd syngande t.o.m. den 26.mai, men den er ikkje høyrd etter det. På Voksa vart det den 28.mai høyrd 1-2 vaktelar syngande, og i natt som var (31.mai) vart det høyrd 1 syngande ind. på den samme plassen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar