torsdag 3. januar 2013

Polarmåse, Sandshamna 02.01.13

I dag var det endeleg litt måsar på Sandshamna igjen. For i dag var det første dagen med aktivitet på fiskemottaket sidan før juleferien starta opp. Etter kvart som det starta å kome inn nokre fiskebåtar tok også antallet med måsar seg opp. Dagens høgdepunkt var 2013 sin føste kvitmåse, denne gongen i form av ein nydelig 2K polarmåse. Dette vart då den fjerde års- og fjorårsungen av polarmåse som har vore innom på hamna denne sesongen, då dagens fugl var eit nytt individ.

Dagens polarmåse vart berre sett på langt hold, dermed var det ikkje
 mulig å få tatt skikkleig bilde av fuglen. Så i staden legg eg i "inn"eit
bilde av ein ungfugl av polarmåse frå den 19.desember 2011.
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya 19.desember 2011


Gjenfunn...
I midten av desember fikk eg eit gjenfunn av ein av svartbakungane som eg ring- og fargemerka sommaren 2012, samt at eg rett fjør jul leste av årets siste gråmåse som ikkje var merka her i området. Meir om desse måsane under.

JP968
Svartbaken "JP968" vart merka på eit skjær mellom Sandsøya og Voksa. Den vart merka den 21.juli i 2012. Den 15.desember vart den sett i England, nærmare bestemt i Southwold havn i Suffolk på søraust-kysten. Dette var det første gjenfunnet av måsen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom der måsen vart merka ved Marøya
og  Southwold havn i England er på 1125 km.

Her er eit bilde som blei tatt under merkinga av svartbakungar i fjor. Denne ungen la på svømm og
blei innfanga og fikk dermed ein padletur til nærmaste skjær for ringmerking.
Svartbak pullus mellom Sandsøya og Voksa 17.juli 2012


J5X6
Gråmåsen "J5X6" som vart sett på Hamnaholmen på sørsida av Sandsøya den 21.desember vart merka den 31.desember i 2006. Den blei merka som ein 1K/1.vinter-fugl. Ringmerkingstad var Nidarø i Trondheim i Sør-Trøndelag. Fuglen vart så sett i Buvika i Skaun kommune, det også i Sør-Trøndelang den 1.september i 2010 som ein 5K-fugl. Etter dette hadde den ikkje blitt sett før den altså dukka opp på Sandsøya i desember.

Her er eit dokumentasjonsbilde av måsen.
Gråmåse 7K (7.vinter), Hamnaholmen/Sandsøya 21.desember 2012

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Hamnaholmen på Sandsøya og
Nidarø i Trondheim er på 284 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar