lørdag 19. januar 2013

Ring- og fargemerka måsar

Etter å ha vore opptatt, samt hatt influensa ei stund vart det endeleg fleire turar i felten i løpet veka som var. Det blir som vanleg på denne tida av året satsa mest på måsar, for det er rett og slett ikkje noko særleg anna å sjå. På tirsdagen den 15.januar vart det også måsefangst for ring- og fargemerking. Det og meir "måsestoff" kan du lese meir om under...

Måsemerking
Som nemnt over vart det på tirsdag i denne veka ring- og fargemerka måsar. Dette vart gjort på Sandshamna på Sandsøya. Totalt vart det merka fire gråmåsar fordelt på 2 2K, 1 3K og 1 5K+. I tillegg til desse var der også ein måse til, og det var dagens mest interessante. Fuglen det var snakk om var ein voksen gråmåse med metallring på venstre fot. Denne gråmåsen viste seg å vere ein som vart merka på Grønhaug, Fosnavåg i Herøy kommune den 7.november i 1999 som ein voksen fugl (4K+). Dermed er måsen no minst inne i sitt 18 kalenderår, noko som igjen vil seie at den no er minimum 16 og eit halvt år gammal. Men sidan den vart merka som ein voksen fugl i 1999 kan den vere mykje eldre enn om så. Når eg fikk fanga den no i januar vart det tatt mål av fuglen, desse måla viste at måsen var ein hann. Den fikk også satt på ein fargering på høgre fot, slik at den i framtida blir ein del enklare å følge med. Og forhåpentlegvis så blir det fleire gjensyn med måsen.

Under kan du sjå bilder av måsen tatt under merking.
Gråmåse 18K+, Sandshamna/Sandsøya 15.januar 2013
Denne hadde metallring med nr. 4231347, og fikk påsatt fargering J4778.

Gråmåse 18K+, Sandshamna/Sandsøya 15.januar 2013

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Grønhaug, Fosnavåg og Sandshamna
er på ca. 11 km.

Fargemerka måsar...
Den 9.januar vart det sett ein gråmåse med fargering på Sandshamna. Dette var ein fugl som eg ikkje hadde merka. Ellers så fikk eg i starten på januar vite at to av svartbakungane som eg merka i fjor sommar på øyane hadde blitt sett i Danmark ut på hausten. Vidare så vart også den fargemerka polarmåsen som var innom på hamna i oktober i fjor sett i Tyskland i midten av desember. Alle desse kan du lese meir om under.

J3961
Gråmåse 3K (2.vinter), Sandshamna 9.januar 2013
Gråmåsen med fargeringkode J3961 vart som nemnt over sett på hamna den 9.januar. Denne fuglen vart merka som ein reirunge (pullus) den 9.juli i 2011 på Torsnes i Karlsøy kommune i Troms. Den vart så sett på Sandshamna den 13.mars i 2012, og no var den som sagt på plass igjen nesten 10 månadar seinare. Dei to funna på Sandshamna er dei to einaste funna av denne måsen etter at den blei merka.
 
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.

Avstanden mellom Torsnes i Troms og Sandshamna er
på 1082 km.


Frå Marøya til Danmark...
Den 24.september 2012 vart svartbaken "JP955" som eg merka på Marøya dem 15.juli 2012 sett i Hanstholm havn i Danmark. Før dette vart "JP955" sist sett på Hamnaholmen, Sandsøya den 24.august. Den 25.oktober 2012 vart endå ein av svartbakane merka på Marøya sommaren 2012 sett i Hanstholm havn, denne gongen var det måsen "JP959" som vart sett. "JP959" vart merka eit par dagar seinar enn "JP955", nærmere bestemt den 17.juli. Dette funnet var det første av denne fuglen etter merking. Begge desse måsane vart merka som reirungar (pullus).
 
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.

Avstanden mellom Marøya og Hanstholm havn er på 594 km.


"DU1"
Polarmåsen "DU1" som vart sett på Sandshamna den 16.oktober 2012 vart den 12.desember 2012 sett heilt nordvest i Tyskland. Går du inn på linkane under finn du meir om måsen, både frå inn- og utland!

Her er ein link til innlegget eg hadde om fuglen etter at den hadde blitt sett på Sandsøya:

Og her er ein link til ein tysk fugleblogg med bilder måsen:

Heilt til slutt så må eg nesten legge inn eit oversiktskart over
 forflytningane til DU1.
Avstanden mellom der måsen vart merka i Hamnevika på
Bjørnøya og der måsen vart sett på Northfrisian øyane
i Tyskland er på 2238 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar