onsdag 27. februar 2013

"Kumlieni" på Sandshamna 27.02.13

I dag vart det sett ein"kumlieni" på Sandshamna. Ein "kumlieni" er nok mest korrekt sett på som ein hybrid mellom eskimomåse (Larus thayeri) og grønlandsmåse (Larus glaucoides). Då vingeteikningar, jizz og andre karakterar på denne "typen" har varioasjonar i heile spekteret frå grønlandsmåse og "opp" til eskimomåse. Ser ein også på det geografiske så finn ein dei såkalte "kumlieniane" i området mellom der grønlandsmåsane og eskimomåsane hekkar. Grønlandsmåsen hekkar på Grønland, medan eskimomåsen hekkar i den midtre og vestre delen av nord-Kanada. I mellom der, altså i nordaust-Kanada finn ein ei stor bestand med måsar som viser karakterar mellom desse to artane. Dette er då "kumlieniar". Dagens måse var ein voksen fugl. Den hadde mørk iris, meget mørke bein (lilla-rosa), og den hadde tydelige vingeteikningar på P10-P8, altså dei tre ytterste handsvingfjørene. Alle desse karakterane viser at det her er eskimomåsegener inne i bildet. Før forrige vinters invasjon av "grønlandsmåsar" var det ikkje mange funna av slike "kumlieniar" i Norge, så dette er ein meget sjelden variant å sjå her til lands.

Tidlegare på bloggen så har eg lagt inn desse fuglane som grønlandsmåse av underarten kumlieni. Så for ikkje og måtte forandre på tidlegare innlegg, og vidare samle slike måsar på ein stad vil også denne bli kalla nettopp det. Sjølv om det nok er liten tvil om at dette må vere ein hybrid og ikkje ein underart.

Her er nokre bilder av dagens nord-amerikanar...
Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar