I dag var det den andre dagen på rad med både nedbør og vind. Dette har gjort slik at antallet med måsar har tatt seg betraktelig opp på Sandshamna. Og blandt dagens rastande måsar dukka det opp ein gammal kjenning. For i dag var nemleg
KASPIMÅSEN som eg såg rastande på Sandshamna den 18.februar på plass nok ein gong. Og i dag lukkast eg faktisk med å finne igjen fuglen etter at alle måsane hadde flygd opp og flytta på seg. For ein må nesten berre nytte øyeblikket når ein har ein slik raritet på plass... For det kan bli lenge til den neste sitte der. Ser ein vekk i frå kaspimåsen var der også ein rastande
2K polarmåse innom på hamna, samt at den 2K finskmerka gråmåsen C89PR fortsatt er på plass.
Her er nokre stillbilder frå video som viser måsen, samt ein lien videosnutt nederst.
|
Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013 |
|
Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013 |
|
Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013
Her ser ein tydelig dei viktige vingeteikningane. Ein kan blandt
anna sjå det fine og breie svarte båndet på P5 og også litt svart på P4.
Denne måsen har ei heilt klassisk vingeteikning, med den svært lange
tunga på innfan av P10. Dette gjer då slik at det i tuppen på P10
er meir kvitt enn svar. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar