I starten på denne månaden har det ved fleire anledningar blitt brukt ein del tid på å sjå igjennom alle måseflokkane på Sandshamna. Til tider har det vore veldig mykje fugl innom på hamna. Blandt det som har blitt sett er fire nye fargemerka gråmåsar som er merka andre stadar i landet (3 frå Hordaland, og 1 får M&R), men utanom dei så har det egentleg ikkje vore så alt for mykje interessant å sjå. I dag var det slik som det har vore den siste veka. Tidleg på dagen er det så og seie ingen måsar på hamna, men etter kvart som fiskebåtane startar å kome inn frå havet ut på ettermiddagen aukar også antallet med fugl betraktelig. Blandt måsane som dukka opp i dag var ein nydelig 1.vinter
polarmåse. Dette var den første kvitmåsen innom på hamna så langt i mars. Ellers er det kjekt å sjå at våren så smått har komt. Fleire tjeldar har blitt sett dei siste dagane, samt at gravanda har komt for fullt.
Her er nokre bilder frå i dag.
|
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013
Ut i frå størrelse og grovheit må dette vere ein hannfugl. |
|
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013 |
|
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar