lørdag 25. januar 2014

20-24.01.14

I løpet av dei siste dagane så har det blitt ein del timar i felt. Det mest uvanlige som har blitt observert på øyane desse dagane er sædgås av underarten rossicus. Den 22.januar vart det nemleg sett ei flokk med gjess på totalt 22 fuglar på Voksa. Flokka var då fordelt på 18 sædgjess ua. rossicus og 4 tundragås ua. albifrons. (Trykk på denne linken for å sjå bilder av gjessene: http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/Image.aspx?rappsyst=1&obsid=12824250&imageID=387128)  Dagen før, altså den 21.januar vart det også gjennomført ei sjøfugltelling. Då gikk eg over og systematisk talde alle sjøfuglane i havområdet mellom Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og Riste. Det mest positive der var at det var ein god del med alkefugl som aktivt dreiv og fika på sjøen. Noko som då tyder på at det er bra med småfisk i området, og som då igjen kanskje kan love bra med tanke på den komande hekkesesongen for fuglane. Av andre artar så vart det blant anna sett islom (11-12),
gråstrupedykkar (2), horndykkar (6), dvergdykkar (2), sjøorre (2), svartand (32+), havelle (ca.15).

Elles så har det desse dagane også selvfølgelig blitt satsa på måsar. Då først og fremst på Sandshamna på Sandsøya. Men i forgårs (23.januar) blei det også ein tur der eg var innom blant anna Måløy, Gjerdsvika, Fosnavåg og Hareid. Der var målet først og fremst å finne merkte måsar, og dermed få avlest fargeringar. Dessverre var det fleire av lokalitetane som skuffa. Særleg i Måløy og i Fosnavåg var det veldig lite fugl, i hvert fall i forhold til potensialet til lokalitetane. Men er der liten eller ingen fiskeriaktivitet er der heller ingen måsar å sjå. Slik er det berre! Det vart riktignok sett ein 2K grønlandsmåse ved fiskemottaket på Moldestad i Selje kommune. Likevel så var det egentleg berre ein av lokaliteten som virkelig slo til, nemleg Gjerdsvika. Der var det nok oppunder 1500 måsar. Blant desse vart det lest av 3 adulte gråmåsar med fargering. To av fuglane var "mine", noko som vil seie at dei er merkte på Sandsøya. Den tredje var litt meir interessant. Det var nemleg ein fugl som blei merkt i byparken i Bergen i slutten av november i 2011. Og når den blei observert i Gjerdsvika i forgårs var dette første gongen fuglen blei sett etter merking. Ein kan trygt seie at "Bergensfuglen" redda turen!

Bra med fugl
Her heime på hamna held fortsatt fleire av grønlandsmåsane koken. I går (24.januar) var der fire grønlandsmåsar på plass. I tillegg til desse så held fortsatt den stasjonære 2K polarmåsen stand. Elles så har det denne veka vore eit svært bra antall med fugl innom på hamna, og det virkar å vere svært mykje måsar i omløp. I går vart det som nemnt over nemleg sett opp i mot 1500 måsar rastande i Gjerdsvika. Gjerdsvika ligg ca. 4 km frå Sandshamna, så ein kan tryg seie at dei er innanfor rekkevidde.

Nok ein grønlandsmåse...
I løpet av denne veka så har det vorte observert fem forskjellige grønlandsmåsar på hamna, derav er ein ny. Det vil då seie at det i løpet av januar så langt har blitt sett seks forskjellige grønlandsmåsar. Elles så har det i tillegg til den stasjonære polarmåsen (2K) også blitt observert ein 3K polarmåse. Så alt i alt ein heilt grei start på året...
Her er bilder av alle dei seks grønlandsmåsane hittil. Dette er fuglar som dekker så og seie heile variasjonspekteret hos juvenil/1.vinter grønlandsmåse. Frå dei mørke og vel teikna individa, til dei lyse og svært lite teikna. Ser ein også på nebbteikninga så varierer denne frå eit nesten heilmørkt teikna nebb, til polarmåselik nebbteikning, altså med lyst innernebb og ein markert mørk tupp.
 
 
Grønlandsmåse 2K (ind.1)
Denne fuglen har vore til og frå på hamna sidan
den først vart oppdaga den 3.januar. Ut i frå den vesle
kroppsstørelsen, samt det nette nebbet/hovudet
så må denne fuglen vere ei hoe.


Grønlandsmåse 2K (ind.2)
 Denne fuglen vart observert den 9. og 10.januar. Ut i frå
generell størrelse, samt kraftig hovud og nebb er nok dette
ein hann.


Grønlandsmåse 2K (ind.3)
 Denne fuglen har vore eit så og seie fast innslag på hamna
etter at den føst dukka opp den 13.januar. Ut i frå størrelsen,
samt det grove nebbet og hovudet er dette ein soleklar hannfugl.


Grønlandsmåse 2K (ind.4)
 Denne fuglen har vore til og frå sidan den først vart oppdaga
den 14.januar. Ut i frå den relativt vesle størrelsen, samt at den
har eit ganske lite hovud og nebb, er nok dette i hoe.


Grønlandsmåse 2K (ind.5)
 Denne fuglen dukka opp på hamna den 16.januar. Etter dette
har den blitt observert så og seie kvar dag. Basert på generell
størrelse, samt eit svært lite hovud og nebb må dette vere ei hoe.


Grønlandsmåse 2K (ind.6)
 Denne fuglen vart første gong observert den 20.januar. I går
den 24.januar var den på plass på nytt. Størrelsesmessig så
er denne på størrelse med ind. 1 og 5, og må nok vere
ein hofugl.



Her er eit bilde av ind. 6 og ind. 3 i flukt. Legg merke til kor nett og elegant ind. 6 er, med den slanke og smekre kroppen, og dei lange og smale vingene. Så samanliknar du bilde av den med bilde av ind. 3. Den er i motsetning til ind. 6 tungbuka og breivinga. Dette viser kor stor forskjellen jizzet på fuglane kan vere. På langt hold, eller visst ein ser fuglen kort så kan ein slik tungbuka og breivinga fugl som ind. 3, fort bli tatt for ein polarmåse. Medan ein slik smekker og elegant sak som ind. 6 ganske enkelt kan identifiserast som grønlandsmåse på langt, langt hold.


Grønlandsmåse 2K (ind.6), Sandshamna/Sandsøya 24 januar 2014


Grønlandsmåse 2K (ind.3), Sandshamna/Sandsøya 24 januar 2014


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar