mandag 2. februar 2015

Januar 2015

Det har dessverre vore svært lite aktivitet her på bloggen den siste tida. Dette kan enkelt forklarast med at det rett og slett har vore lite å rapportere. Eg har jo prøvd å kome meg ut så ofte som mulig, men sjølv med iherdig innsats i felt så har det altså vore heller dårlig. Det meste av satsinga har vore retta mot måsar, men sjølv der har det vore fint lite å sjå. Normalt så brukar det å dukke opp ein god del grønlands- og polarmåsar på denne tida av året, men når eg gjer opp statusen for januar så står eg altså igjen med berre ein grønlandsmåse. Grønlandsmåsen var ein mørk 2.vinter fugl. Den vart observert den 7. og 10. januar på Sandshamna, Sandsøya. Den mørke fuglen er det mulig å sjå bilder av her: http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/Image.aspx?rappsyst=1&obsID=14463124&imageID=477750

I tillegg til grønlandsmåsen så har eg også hatt nokre fargemerke måsar innom som ikkje er "mine". Den finskmerkte gråmåse ‹‹C89PR›› som eg nemnte i mitt forrige blogginnlegg er stadig i området. I tillegg til den så har eg også hatt nokre norskemerke fuglar innom. Ein av dei var ein 3K gråmåse som blei ungemerkt på Hornøya i Finnmark i 2013. Den vart observert så seint som den 22. januar i England, berre seks dagar seinare den 28. januar så var den så på plass på Sandshamna.

Den 27. januar hadde eg denne smekre og elegante 2. vinter svartbakhoa innom på hamna. Den blei ringmerkt som ein 2K-fugl den 2. januar 2014 i Mandal i Vest-Agder. Etter merking så har den blitt observert fleire gongar i Mandalsområdet, samt ein gong i Rogaland.

Svartbak 3K (2.vinter) F, Sandshamna, Sandsøya 27. januar 2015

Svartbak 3K (2.vinter) F, Sandshamna, Sandsøya 27. januar 2015

No i tida framover vil fiskeriet pågå for fullt. Dermed vil nok antallet måsar auke dei nærmaste vekene. I tillegg til at måsane kjem for å snylte på fiskeriet, har også mange av måsane som er hekkefuglar i nærområdet vendt tilbake. For eksempel så har ein stor andel av svartbakane dukka opp på hekkeplassane sine. Minst to av mine fargemerkte hekkefuglar er på plass. I fjor var den tidligaste av mine svartbakar på hekkeskjæret sitt så tidlig som den 16. januar, i år er dei derimot nokre få dagar seinare ute.


Havområdet mellom Sandsøya og Voksa
I tillegg til å sjekke måsane, så har eg også brukt litt tid på å sjå kva som har bevega seg i havområdet mellom Sandsøy og Voksa. Der også har det vore svært skuffande. Nokre få islommar, berre to til tre horndykkarar, og nesten ikkje ein einaste alkefugl, det er vel ikkje akkurat noko å rope hurra for. Den positive overraskelsen kom den 31. januar, då fikk eg nemlig sett ein nydelig 2K gulnebblom. Det er faktisk berre den andre eller tredje observasjonen eg har hatt av denne austlige arten inne mellom øyane. Desse ligg som oftast ved ytterskjæra og kjem ikkje i like stor grad inn mellom øyane som det islomen gjer.

Havområdet mellom Sandsøya og Voksa sett frå Voksevegen ved Marøya.

Bra med dvergdykkarar...
Men det er ikkje berre sorgen. Antallet overvintrande dvergdykkarar er meget bra. I januar har eg ved fleire anledningar talt 9 dvergdykkarar. Desse fuglane har vore fordelt mellom lokalitetar på Sandsøya og lokalitetar ved Voksa. På starten av 2000-talet var det rikelig med dverdykkarar å sjå ved øyane. Men rundt 2010 var det ein vinter der eg ikkje trur eg så ein einaste ein. Etter dette så har antallet sakte med sikkert auka, og vi er no tilbake opp mot toppnivået. Den nærmaste faste hekkebestanden her i distriktet finn vi i Sula og Ålesund kommune. Ellers så har dei gjort eit par hekkeforsøk i Grimstadvatnet på Hareid, og det har også blitt sett fuglar i hekketida i Myklebustvatnet i Herøy.

Av andre artar enn dykkarar og lommar, så kan det nemnast at det held til ei flokk med gjess på Voksa. Flokka består av ca. 80 grågjess og 8-9 kortnebbgjess. Fram til midten av desember var der også tundragås, sædgås og kvitkinngås i den samme flokka, men desse fordufta rett før jul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar