fredag 20. februar 2015

Grønlandsmåse ua. kumlieni m.m 13-20.02.15

Etter ein dårlig start på 2015 med lite måsar og lite spennande å sjå, så har det no virkelig tatt seg opp dei siste dagane. Etter å berre ha sett ein kvitmåse i perioda 1. januar t.o.m. 13. februar, så har eg no opplevd ei ketchup-effekt med åtte kvitmåsar i løpet av den siste veka. Ein av dei var også ein skikkelig godbit...

Sjøfugltelling - Bremanger og Vågsøy
Den 13. og 15. februar vart dei årlige sjøfugltellingane på henholdsvis Bremanger og Vågsøya i Sogn og Fjordane gjennomført. Det var ikkje alt for mykje å sjå i dei utvalgte sonene som vi talte i. Ein bonus med tellingane var at eg fikk sjekka måsane som var i områda. På Bremanger vart det blant anna ein sjekk av måsane som var i Kalvåg. Der fann eg ein av "mine" gråmåsar, ein 2K-fugl som eg merkte på Storholmen heilt sør i M&R i 2014. Ellers var det dessverre lite å melde.

To dagar seinare på Vågsøya, vart det nok ein gong sjekka måsar, både i Måløy, men også i Refvika nord på øya. I Måløy kom eg over ein finskmerkt 3K gråmåse på mi gjennomfart under sjøfugltellinga. Ellers så var det veldig mykje måsar nord på øya. På Refviksanden var det nok ein stad mellom 1000 og 2000 måsar innom medan eg var der. Blant desse fann eg dessverre ingen sjeldenheiter, derimot fikk eg lest av to fargemerkte gråmåsar, samt ein fargemerkt svartbak. Den eine av gråmåsane var ein voksen fugl som er merkt i Båtsfjord i Finnmark. Min observasjon av måsen var den første som blei gjort utanfor Finnmark-fylke.

Her er eit bilde av den finskmerkte 3K gråmåsen som eg kom over i Måløy. Eg har ikkje fått svar på kor den er merkt, men eg reknar med å få det relativt kjapt.
Gråmåse 3K (2.vinter), Måløy 15. februar 2015

På veg heim igjen etter tellinga, så vart det på nytt ein gjennomgong av måsane i Måløy. Ganske umiddelbart kom eg over ein nydelig 2K polarmåse som låg og duppa ved ei av kaiene. Etter å ha tatt ein del bilder av fuglen, så la eg merke til noko lyst på sjøen nokre hundre meter unna. Etter å ha fått satt teleskopet på måsen, så kunne eg konstatere at det var snakk om ein adult grønlandsmåse som låg på vatnet. Akkurat det å få stifte bekjentskap med desse arktiske måsane er alltid like kjekt, i alle fall for ein som er over middels interessert i måsar.

Her er tre bilder av polarmåsen i Måløy den  15. februar.
Polarmåse 2K (juvenil), Måløy 15. februar 2015
Her med ein 2.vinter svartbak i bakgrunnen.

Polarmåse 2K (juvenil), Måløy 15. februar 2015

Polarmåse 2K (juvenil), Måløy 15. februar 2015


Endelig bra med måsar...
Dagen mellom sjøfugltellingane, altså den 14. februar, kom eg over min andre grønlandsmåse for året. På Sandshamna på Sandsøya vart det nemlig observert ein 2K-fugl. Og med resultatet dagen etter på Vågsøya som eg har nemnt over, hadde eg igjen "fått trua" på måsane.   
Etter å ha sett kor mykje måsar som satt på ytterskjæra på Vågsøya, hadde eg virkelig store forhåpningar om at det skulle bli bra med måsar på Sandshamna dagen etter. Og det vart det til gangs! Estimatet mitt var at det den 16. februar må ha vore minst 2000 måsar på hamna. Og med så mange måsar kan alt dukke opp. Noko av det første eg såg i det eg starta å sjå gjennom måseflokkane var ein 2K grønlandsmåse, eit nytt ind. I tillegg til den nye fuglen, så var også grønlandsmåsen som blei oppdaga den 14. februar fortsatt på plass.

Her er nokre bilder av grønlandsmåsane som blei oppdaga på Sandshamna den 14. og 16. februar. Den eine av fuglane er meget lys, den andre er derimot ein smule meir pigmentert.

Ind.1
Grønlandsmåse 2K (juvenil), Sandshamna, Sandsøya 16. februar 2015

Grønlandsmåse 2K (juvenil), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Grønlandsmåse 2K (juvenil), Sandshamna, Sandsøya 19. februar 2015


Ind.2
Grønlandsmåse 2K (juvenil), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Grønlandsmåse 2K (juvenil), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Grønlandsmåse 2K (juvenil), Sandshamna, Sandsøya 16. februar 2015


Hybrid...
Etter å ha brukt endå litt meir tid på måsane, så kom det plutselig flygane ein ukjent "kvitmåse" ved fiskemottaket. Med ein gong skjønte eg ikkje heilt kva slags art det var snakk om, for fuglen minte i det eine sekundet som ein grønlandsmåse, og i det neste om ein polarmåse. Heldigvis så fikk eg fuglen på litt betre hold. Då skjønte eg raskt kvifor eg ikkje heilt greidde å "henge" måsen på ein enkelt "knagg". Fuglen var nemlig ein hybrid, altså ei kryssing mellom to artar. Artane det her var snakk om var polarmåse og gråmåse. Fuglen lignar mykje på ein polarmåse, men svingfjørteikningar, stjertteikning, korppsfjørteikningar og nebbtikninga m.m. viser at her er det gråmåsegener innblanda.

Polarmåse x gråmåse hyb. 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 16. februar 2015

Polarmåse x gråmåse hyb. 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Polarmåse x gråmåse hyb. 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015


Godbiten...
Etter å ha brukt ein del tid på å ta bilder av både hybriden og grønlandsmåsane, så fikk auge på ein fugl som satt på eit skjær ca. 400 meter unna. Først tenkte eg at det måtte vere polarmåse x gråmåse hybriden som hadde satt seg ned på skjæret, men i det den tok til vingene så såg eg tydelig at fuglen hadde heilmørkt, eller tilnærma heilmørkt nebb. Kunne det vere ein grønlandsmåse av den kanadiske underarten kumlieni? Dessverre så fordufta fuglen utan at eg fikk studert den noko næramre. Så gikk det vel kanskje ein halv time, så hang den plutselig på vinden rett over der eg stod. Og joda, det var ein nydelig 2K kumlieni. Eg har tidligare hatt fleire av denne underarten innom på hamna. Den hittil siste, var før denne ein adult fugl i slutten av februar 2013. (den kan du sjå bilder av her: http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2013/02/kumlieni-pa-sandshamna-270213.html) Grønlandsmåse av underarten kumlieni hekkar i arktisk nordaust-Canada. Denne underarten er ein stor raritet i Norge. Før grønlandsmåse-invasjonen vinteren 2011/2012 så var det berre nokre få godkjente funn av kumlieni i Norge. Under den vinteren vart det derimot sett ein god del av denne typa.

Grønlandsmåsane som er avbilda over høyrer til underarten glaucoides som hekkar på Grønland. Det som skiller glaucoides frå den kanadsike underarten kumlieni, er blant anna vingeteikningar og stjertteikkningar. Ser ein på bilda av kumlienien "min" under, så ser ein tydelig at den har mørke ytre handsvingfjører som står i kontrast mot dei lysare indre, vidare så har fuglen også eit mørkt stjertbånd. Slike vinge- og stjertteikningar finn ein ikkje på den grønlandske underarten.
 
Grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil), Sandshamn, Sandsøya 16. februar 2015

Grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil), Sandshamn, Sandsøya 16. februar 2015

Grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil), Sandshamn, Sandsøya 17. februar 2015

Grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil), Sandshamn, Sandsøya 16. februar 2015


Det har også vore ein del krykkjer innom på hamna. Her er eit lite utvalg av bilder av fuglar i forskjellige aldersklasser.
Krykkje 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Krykkje 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 19. februar 2015

Krykkje 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Krykkje 3K (2.vinter), Sandshamna, Sandsøya 17. februar 2015

Krykkje 4K+ (adult), Sandshamna, Sandsøya 19. februar 2015

 
Fleire kvitmåsar...
I dagane etter den 16. febuar så har det dukka opp enda fleire kvitmåsar. Totalt har det den siste veka blitt observert 5 grønlandsmåsar ua. glaucoides (4 2K, 1 5K+), 1 grønlandsmåse ua. kumlieni (2K) og 2 polarmåsar (2K). Legg ein også til polarmåse x gråmåse hybriden, så må eg seie meg fornøgd med resultatet dei siste dagane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar