Her er nokre bilder av gårsdagen kaspimåse.
Kaspimåse 4K, Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015 Her er kaspimåsen bak til høgre. Dette bildet er tatt berre nokre få sekund etter at fuglen blei oppdaga. |
Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015 Legg merke til den lange grå tunga som strekker seg ut mot tuppen på P10. Ei slik teikning på P10 er perfekt med tanke på kaspimåse. |
Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015 Her står kaspimåsen bak midt i bildet. Legg merke til den oppreiste holdninga til måsen samanlikna med gråmåsane rundt. |
Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015 I flukt var måsen svært elegant, med ein slak kropp, samt lange og smale vinger. Her ser ein også tydelig det lange og smale nebbet. |
Kaspimåsar finn ein hekkande nærmast oss i Tyskland og Polen. Som eg nemnte over så er dette altså den sjuande gongen eg har hatt denne søraustlige arten innom på Sandshamna på Sandsøya.
Dei seks tidligare observasjonane av arten er fordelt slik.
2010: 2 (2K/1.vinter)
2012: 1 (3K/3.vinter)
2013: 1 (5K+/adult)
2014: 2 (2K/1.vinter + 2K/2.vinter)
Bilder av dei forskjellige kaspimåsane er det mulig å sjå her:
Ind. 1: kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 27. februar 2010
Ind. 2: kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 4. februar 2010
Ind. 3: kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamn, Sandsøya 19. oktober 2012
Ind. 4: kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 28.februar 2013
Ind. 5: kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 15. februar 2014
Ind. 6: kaspimåse 2K (2.vinter), Sandshamn, Sandsøya 8. november 2014
Fleire kvitmåsar...
Sidan det siste blogginnlegget eg hadde om måsar den 20. februar, så har det vorte sett tre nye kvitmåsar. Den 28. februar vart det observert ein 4K(+) polarmåse, samt ein 2K grønlandsmåse. Og i forgårs den 3. mars vart det observert ein 5K+ grønlandsmåse. Dermed har eg hatt åtte grønlandsmåsar og tre polarmåsar innom på hamna etter nyttår.
Her er eit par bilder av den subadulte polarmåsen frå den 28. februar.
Polarmåse 4K(+), Sandshamna, Sandsøya 28. februar 2015 |
Polarmåse 4K(+), Sandshamna, Sandsøya 28. februar 2015 |
Vår i lufta...
Den siste tida har det vore antydning til vår i lufta. Fleire trekkfuglar har starta å vende tilbake. Artar som gravand, tjeld og vipe har starta å dukke opp rundt omkring. Den 24. februar kom eg også over eit svartstrupepar i lyngheia i Sandsvågen på Sandsøya. Dette er rekordtidlig. Normalt så dukkar dei ikkje opp i lyngheia før i siste halvdel av mars, til den første veka av april. Bilder eg tok av fuglane viser at det er det samme paret som holdt til og hekka vellukka på den samme lokaliteten i 2014. Den samme dagen kom eg også over ei svartstrupehoe i Hellandsvågane, heilt vest på Sandsøya. Den fuglen er den samme hoa som sist blei sett på den samme staden i slutten av november i fjor. Både ho og paret i Sandsvågen har dermed gjennomført ei vellukka overvintring, for forhåpentligvis så er det verste vinterveret forbi for denne gong.
Her har vi paret i Sandsvågen. Den så langt siste observasjonen av fuglane vart gjort den 2. mars.
Svartstrupe 3K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 25. februar 2015 |
Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 25. februar 2015 |
Observasjonar ellers...
Av andre "uvanlige" artar som har blitt observert på Sandsøya og Voksa i februar og no i starten på mars, er stillits, kortnebbgås og kaie. Det er også fortsatt ein del dvergdykkarar rundt omkring. For nokre få dagar sidan så talte eg 5-6 ind. på forskjellige lokalitetar rundt omkring på øyane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar