fredag 10. april 2015

KASPIMÅSE m.m. på Sandsøya og Voksa 06.03.-09.04.15

I løpet av mars og no i starten på april, så har det blitt brukt ein god del tid i felt. Det meste av feltsatsinga har vorte på Sandsøya og Voksa, men eg har også så smått starta opp feltsesongen på Runde.

Nok ein kaspimåse!
Godbiten i denne perioda vart noko overraskande årets andre KASPIMÅSE! For på ettermiddagen den 6. april rasta det nemlig ein 2K kaspimåse på Sandshamna på Sandsøya. Denne fuglen følgte berre så vidt over ein månad etter den forrige. Denne måsen var ein nydelig og velmarkert 1. vinter fugl. Med den siste kaspimåsen, har då totalen for Sandshamna komt opp i åtte individ, medan totalen for fylket no er oppe i ni. Under kan du sjå bilder av den siste fuglen i rekka.

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 6. april 2015
Her står fuglen ca. midt i bildet.

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 6. april 2015

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 6. april 2015
Legg merke til at denne fuglen har mørkt på utfan på alle dei indre
handsvingfjørene, utan noko som helst lyst. Ei slik vingeteikning er
vanligast hos gulbeinmåse, men det forekjem også regelmessig
 på kaspimåsar. Måsen har også eit smalt og fint stjertbånd, som
står i god kontrast til den indre delen av stjertfjørene, samt dei øvre
stjertdekkarane.

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 6. april 2015
Her står "kaspien" blant svartbakar og gråmåsar. Den er ca. midt i bildet.

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 6. april 2015
Denne fuglen har relativt mørke undre vingedekkarar. Dei var hakket lysare
enn det dei virkar på dette bildet, men dei ligg fortsatt i den mørkare delen
av spekteret. Ei klassisk kaspimåse-undervinge er ein god del lysare enn dette.
Kaspimåsen eg hadde innom på Sandshamna den 6. februar i 2010 hadde ei
så og seie identisk undervinge. 

Når vi først er inne på måsar, så har det i løpet av perioda f.o.m. 6. mars t.o.m. den 9. april blitt observert følgande: 2 2K grønlandsmåsar (6.mars), 1 5K+ grønlandsmåse (7.mars), 1 3K polarmåse (5.april) og 1 2K grønlandsmåse (6.april). Ellers så vart også den 2K polarmåse x gråmåse hybriden som var innom på hamna i midten av februar, igjen sett rastande på hamna den 27. mars.



Årets første sivspurv og heilo i M&R m.m
Den 12. mars vart ein rekordtidlig sivspurv observert på Voksa. Dette er eit av dei tidligaste vårfunna av arten i fylket nokon gong, om ikkje det tidligaste. Hoppar vi så eit par veker fram i tid, så vart årets første heiloar i M&R observert, det også på Voksa. Totalt vart det observert tre heiloar. Eit bilde av ein av dei finn du under.

Heilo, Voksa 27. mars 2015

Av andre artar som også er på trekk, så vart det den 2. april observert to snøspurvar på Voksa. Denne nordlige arten er innom både på vår og hausttrekket, og det er alltid like kjekt å få stifte bekjentskap med desse nydelige spurvefuglane.

Her er tre bilder som blei tatt av dei to snøspurvane på Voksa.
Snøspurvar 3K+ M (bakerst) og 2K F (fremst), Voksa 2. april 2015

Snøspurv 3K+ M, Voksa 2. april 2015
Alderen er bestemt til 3K+ på breie og avrunda stjertfjører.

Snøspurv 2K F, Voksa 2. april 2015
Denne fuglen hadde smale og tilspissa stjertfjører, og er derfor
bestemt til 2K.


Gjennom vinteren har det holdt til nokre kortnebbgjess på Voksa. På det meste så var det opp i 9 ind. Sist eg sjekka, for ca. eit par veker sidan, såg eg berre fire.

Kortnebbgås, Voksa 12. mars 2015



Ringmerking av skjærpiplerker
I mars så vart det fleire dagar stasta på ringmerking av skjærpiplerker. Sunnmøre ringmerkingsgruppe har satsa på denne arten i nokre år no. Merkinga av piplerkene har foregått på Giske utanfor Ålesund, men i år har eg starta opp merking også på Sandsøya. Det som gjer ringmerkinga av skjærpiplerkene så vellukka, er fargeringen fuglane får påsatt i tillegg til metallringen. Denne fargeringen kan ein lese av i felt på mange timeters hold, enten ved hjelp av teleskop eller foto. Så langt har skjærpiplerker som har vorte ringmerkte i M&R blitt gjenfunne i Sverige, Danmark, Tyskland, Nerdeland, Belgia, Frankrike, Skottland og England.

Skjærpiplerke 2K+ M, Sandsøya 12. mars 2015
Her ser ein tydelig den gule fargeringen med svart skrift.

Skjærpiplerke 2K+ M, Sandsøya 12. mars 2015


To par svartstruper
Gjennom vinteren, så har det som eg har nemnt tidligare overvintra ei svartstrupehoe i Hellandsvågane. Den 14. mars hadde det så dukka opp ein hann i lag med denne hoa. Etter det så har dei slått seg ned og holdt seg i det samme området.

Svartstrupe 2K M, Hellandsvågane, Sandsøya 21. mars 2015
Hannen som dukka opp (bildet over) i Hellandsvågane var ein yngre fugl, altså ein 2K. Det viste slitasje på svingfjører, mytegrense i store armdekkarar, og slitasje og fasong på stjertfjørene.

På dronefotoet under kan du sjå området der svartstrupeparet i Hellandsvågane på Sandsøya har slått seg ned. Tidligare så har det hekka svartstruper i lyngheia som ligg nærmast på bildet. Dette paret derimot, har slått seg ned i lyngheia som går ut frå fjellskråninga nokre hundre meter lenger aust.
Hellandsvågane, Sandsøya


Når det gjeld det andre svartstrupeparet, altså fuglane i Sandsvågen, så ligg hoa no trulig og rugar. Den 20. mars såg eg dei første teikna på hekkeaktivitet. Då kom hoa flygande inn med reirmateriale. Nokre dagar etter så starta hoa å tilbringe mesteparten av tida på reiret. Det store spørsmålet var og er, om ho ruga, eller om ho berre beskytta egga. Eg får berre vente til ungane eventuelt klekker, for så å rekne tilbake når ho må ha starta å ruge.

Her er eit par bilder av dei to svartstrupene i Sandsvågen.
Svartstrupe 3K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 9.mars 2015

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 9.mars 2015
 
 
 
Oppstart av sjøfuglovervåkinga på Runde 2015
Eg har så smått starta opp feltsesongen på sjøfuglovervåkinga på Runde. Det første eg gjorde i 2015 var å ta meg ein tur til Ålesund for å sjekke forholda i krykkjekolonien som vi følger der. Kolonien har gått inn som ein del av overvåkingsprosjektet knytta til Runde. For å kunne få data på krykkjer her i distriktet, så har vi måtte gjere det slik. Krykkjene på Runde har ikkje gjennomført ein vellukka hekkesesong på ein del år no. Riktig nok så var der seks så og seie flygedyktige ungar i fjellet på Runde i slutten av juli i fjor. Men det er så nær ein nullresultat som ein kjem utan at det faktisk er null. I Ålesund derimot, så får dei fram relativt bra med ungar, og kolonien er veksande.
 
Her er eit bilde av krykkjekolonien vi følger i Ålesund, samt ei bilde av eit av para som hekkar der.
 
Krykkjer 4K+ (adult), Fjordlaks, Ålesund 13. mars 2015
 
I forgår den 8. april vart året første feltdag på Runde gjennomført. Målet med turen var å lese av fargemerkte lundar. Dessverre så kom dei ikkje opp og sverma og satte seg inn i fjellsida, tross veldig bra med fugl på sjøen. Dette var faktisk den føste gongen sidan eg starta på prosjektet at dei ikkje har komt opp og sverma i det heile tatt. Vi får berre håpe at dette var eit eingongstilfelle, og at det ikkje blir ein trend. Blir det ein trend, så er det i alle fall langt i frå eit godt teikn med tanke på den komande hekkesesongen.
 
Her er eit par landskapsbilder eg tok medan eg satt og venta på at lundane skulle starte å sverme.

 

1 kommentar:

  1. Hei,
    Jeg skriver for å informere deg om at vi tilbyr personlige lån med 2% rente. Vi kan gi deg lån slik at du kan gjennomføre prosjektene dine eller andre ting du vil gjøre. Kontakt oss direkte via e-post: sduplens@gmail.com
    Beste hilsener

    SvarSlett