søndag 26. april 2015

Runde 17. og 19. april 2015

Det første som skal gjerast med tanke på feltarbeidet på Runde, er å få lest av så mange som mulig av dei fargemerkte lundane i lundeura. Sidan 2007 har det blitt fargemerkt rett i underkant av 200 ind. på ei lite område eit stykke nede i ura. Ved å lese av desse frå år til år, får ein då data på overlevelsen til fuglane.

Min første tur på Runde i år, den 8. april, kan ein vel trygt kalle ein bomtur. Fuglane låg i store antall på sjøen, men kom ikkje opp og sverma og satte seg i fjellsida. Og med fuglane liggande på sjøen blir det heller dårlig med avlesingar. Den andre turen for året den 17. april, blei derimot ein stor suksess! Stor aktivitet på lundane og mange sittande inne i fjellsida, gjorde at eg endelig fikk lest av fargemerkte lundar også i 2015. Totalt fikk eg lest av 47 lundar med fargeringar denne dagen.

Her er to av dei fargemerkte fuglane som blei observert og avlest den 17. april.
To dagar etter, altså den 19. april, vart det på nytt ei runde med avlesing. Denne dagen var det også ein del lundar som kom inn og satte seg i fjellsida, men aktiviteten var eit par hakk ned i forhold til den 17. april. Totalt blei det avlest 55 forskjellige fargemerkte lundar desse to avlesingsdagane.

Svært negativ tendens...
Det skal bli spennande å ta fatt på ein ny feltsesong på Runde. Dette blir min sjuande sesong med feltarbeid på denne fantastiske øya, ytterst i havgapet i Herøy kommune. På tross av at eg ikkje har vore med så lenge, og også kom inn lenge etter at dei fleste artane på Runde hadde fått store problem, så ser ein berre på dei få åra som eg har vore med store forandringar i fjellet. Krykkja er for øyeblikket på vei heilt ut. Når eg starta opp på Runde, så satt det no tross alt inne ein god del krykkjer langs mesteparten av sørvestsida av øya. Dei bygde også reir og mange av dei la også egg. No er vi dessverre komt til eit punkt der dei fleste fuglane verken bygger reir eller legg egg. Antallet på fuglar som er orienterte mot fuglefjellet har også gått enormt ned. Og det gjer det frå år til år.

Men det er ikkje berre krykkja som slit, langt i frå. Lomvi, alke og toppskarv slit også kraftig. Ser vi så på lunden så er bestanden fortsatt meget stor, riktig nok ikkje så stor som det den eingong var, men fortsatt blir dei fleste som besøker Runde bergtatt av dei store svermane med lunde som kjem inn og set seg i fjellsida. Dødligheita på lundane er ikkje høg, og får dei fram litt ungar, om ikkje kvart år, så vil fortsatt lundane vere å sjå på Runde i mange, mange år framover. Dessverre har vi dei siste åra hatt ein heller negativ tendens også hos lundane. Då med fleire år med dårlig eller ingen ungeproduksjon. Dei siste tre åra har ungeproduksjonen vore som følgande: 2012: 50-60% produksjon, 2013: ca. 14% ungeproduksjon, og sist men ikkje minst 2014: 40-45% ungeproduksjon. Det vil jo seie at det fortsatt kjem fram ein del lundeungar på Runde. Men tendensen er og blir negativ, og i det lange løp vil bestanden fortsette å gå ned.

For alle dei som har opplevd storheitstida på Runde, så blir det fort ein enrom skuffelse å sjå fuglefjellet slik det er i dag. Mykje av det som eingong var der er der dessverre ikkje lenger. Ein art som har forsvunne heilt er havhesten. I 2015 har det faktisk ikkje blitt observert ein einaste havhest langs fjellsidene på Runde...

Dei einaste to artane som faktisk er i vekst er havsule og storjo. Då havsulekolonien blei talt opp i 2013 var kolonien på ca. 3200 par. Storjoen aukar også i antall i myrane på platået på Runde. Bestanden der er no på ca. 100 par. Desse to artane heng i hop. Gjer havsula det bra, så gjer også storjoen det bra. Store delar av næringa storjoane finn til seg sjølve og ungene kjem nettopp frå havsula. Dei forfølger sulene til dei gulpar opp maten dei har innabords, for så å snappe det opp. Dei er rett og slett dei einaste fuglane på Runde som får servert varm mat.

Ein må ta til takke med det ein har...
Oppe i alt det negative, så må ein også huske å nyte det ein faktisk fortsatt har. Ofte kan det vere vanskelig, i alle fall når ein veit at framtidsutsiktene til desse nydelige sjøfuglane er heller dårlige. Personlig så er det lite eller ingenting som slår det å sitte i fjellsida på Runde, når tusen på tusen av lundar kjem opp og svermar og set seg inn i fjellsida. Legg ein så til ein fantastisk solnedgong i det mektige kystlandskapet, blir ein slik opplevelse fort vanskelig i toppe.

Her er nokre bilder frå dei to nydelige dagane den 17. og 19. april.



 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar