søndag 11. oktober 2015

GULBEINMÅSE, Sandshamn, Sandsøya 18.09.15

Frå starten på august og utover blei det satsa ein god del på måsar. For det meste gikk det i å lese av fargemerkte fuglar, då både mine eigne og andre sine. Den 18. september fikk eg derimot skikkelig lønn for strevet. På ettermiddagen den dagen kom eg nemlig over M&R og Sandshamna sin fjerde GULBEINMÅSE. Denne sør og mellom-europeiske arten som overvintrar i moderate antall "opp" til dei britiske øyene, samt Danmark og Sverige, er ein stor raritet her til lands, med berre nokre få titals funn totalt. Her nord så virkar det som om siste halvdel av september og første halvdel av oktober er ei god tid for å leite etter denne sjeldne arten. Tre av mine fire gulbeinmåsar, medrekna denne, har nemlig blitt observert i denne perioden. Ellers så er jo tida rundt sildefisket frå midten av januar, til starten av mars også ei veldig god tid. Då er det så mykje måsar her i området at alt er mulig...

Dei tre føregåande gulbeinmåsane var to adulte og ein 1. vinter fugl. Denne måsen såg ved første augekast utfarga ut, men litt vel mykje svart i nebbet kombinert med pigmentering på den ytterste umytte store hånddekkaren på begge vingene, peikar mot ein fugl i sitt femte kalederår. Ein fullt utfraga fugl ville nok hatt mindre svart i nebbet, og den ville også mangla pigmentering på store handekkarar. Den er nok neppe eit år yngre heller. For forrige generasjon med armsvingfjører som fortsatt ikkje er mytte, er fullt utfarga. Vidare så er den kvite "slanten" på den gamle P10 meget stor. Pigmenteringa på den ytterste store hånddekkaren er heller ikkje veldig kraftig, og burde vore kraftigare skulle det ha vore ei tredje generasjons fjør. Alt i alt så passar karakterane best på ein 5K fugl. (Etter at denne måsen har fullført haustmytinga så vil den vere fullt utfarga).

Bildet under er tatt eit par minutt etter at måsen blei oppdaga. Det første eg la merke til på måsen var dei gule beina. Dette i seg sjølv er ikkje nok til å kalle det ein gulbeinmåse, då ein del gråmåsar har gule bein. Men gule bein kombinert med jizzet til måsen, gjorde at det ikkje var nokon tvil om artstilhørigheita. Legg merke til den elegante og straumlinjeforma kroppen med det oppheva brystet, og også den lange bakparten og dei lange vingene. Ser ein så på hovudet, samt nebbforma, så er dette også akkurat slik det skal vere. Hovudet er ganske kraftig, med ei konveks panne og eit kantete bakhovud. Vidare så er nebbet kraftig frå basis til nebbtupp og med ein veldig butt tupp. Finn du ein måse med eit slikt jizz så er det verdt å sjå på den to gongar, for dette jizzet er klassisk for gulbeinmåse.
Gulbeinmåse 5K-type, Sandshamn, Sandsøya 18. september 2015

Måsen var svært liten og dermed høgst trulig ei hoe. Samanliknar ein den med den store gråmåsehannen den står i lag med på bildet, så ser ein tydelig kor liten og nett den er. Noko anna ein også kan legge merke til på dette bildet er at måsen har ein hakket mørkare mantelfarge enn gråmåsane. Dette er også akkurat slik det skal vere på denne arten. Akkurat denne karakteren med mantelfargen er veldig vanskelig å bedømme i felt, men på bilder så kjem forskjellen som oftast greit fram.
Gulbeinmåse 5K-type, Sandshamn, Sandsøya 18. september 2015

På bildet under så ser ein tydelig kor lang bakpart og lange vinger denne nydelige fuglen har.
Gulbeinmåse 5K-type, Sandshamn, Sandsøya 18. september 2015

Noko som er alfa omega for å kunne claime ein gulbeinmåse i Norge er å få dokumentert vingeteikningane. Denne måsen hadde eit breit svart bånd på P5, altså svart på dei seks ytterste håndsvingfjørene. Det var også mykje svart innover på kvar enkelt fjør. Dei same fjørene mangla også utprega lyse tunger. Alt dette er klassisk for arten. På høgre vinge så var t.o.m. P7 ferdig utvokst. P8 var veksande, medan P9 nettopp var slept, og P10 var gammal. På venstre vinge var det likeins, då sett bort i frå at P9 ikkje var slept.
Gulbeinmåse 5K-type, Sandshamn, Sandsøya 18. september 2015

Etter at måsen først vart sett på litt hold, så kom den seint på ettermiddagen og satte seg på eit tak ved fiskemottaket. På det nærmaste så fikk eg den på ca. 25 meters hold. Stort betre blir det ikkje!
Gulbeinmåse 5K-type, Sandshamn, Sandsøya 18. september 2015
Her kan ein samanlikne hovudteikningane på gulbeinmåsen med
hovudteikningane til fleire gråmåsar. I felt på litt hold, så vil
gulbeinmåsen virke kvit i hovudet, medan dei fleste gråmåsane ¨
på denne tida av året er veldig teikna i hovud, hals, nakke,
og også bryst, og dermed er langt i frå så lyse i hovudet.

Gulbeinmåse 5K-type, Sandshamn, Sandsøya 18. september 2015

Gulbeinmåse 5K-type, Sandshamn, Sandsøya 18. september 2015
Legg merke til hovudteikningane. I vinterdrakt så har gulbeinmåsane
(ssp. atlantis har oftare kraftigare hovudteikningar) frå fint spreidde teikningar i
hovudet, som på denne fuglen, til teikningar som er konsentrert rundt auget
 og som dannar ei maske. Til samanlikning så har gråmåsane som oftast mykje
kraftigare og meir uregelmessige og spreidde teikningar. Desse teikingane finn
 ein då på hovud, hals, nakke og øvre bryst.


Ringmerking
Det har ikkje berre blitt observering av måsar, eg har også brukt ein del tid på å ringmerke dei. I perioden f.o.m. den 26. august t.o.m. den 10. oktober så har eg totalt fått merkt 16 måsar. Dette fordelt på 10 gråmåsar og 6 svartbakar. Alle har blitt innfanga med hjelp av fotsnare.

Her er nokre bilder av kanskje den lekraste svartbaken eg har fått merkt. Ein lys og kaldt farga 1K-fugl.

Svartbak 1K, Sandshamn, Sandsøya 6. september 2015

Svartbak 1K, Sandshamn, Sandsøya 7. september 2015

Svartbak 1K, Sandshamn, Sandsøya 7. september 2015

Svartbak 1K, Sandshamn, Sandsøya 7. september 2015

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar