onsdag 21. oktober 2015

Ona 21.-24. september 2015

Sidan min første tur til Ona på Romsdalskysten i 2009, så har det blitt minst ein tur årlig. Kvar haust så reiser ein gjeng til øya for å "jakte" på sjeldne fuglar. Denne satsinga har resultert i artar som præriesnipe, fjellkalanderlerke, kvitkronespurv og gråkinnskogtrost, for å nemne nokre av dei utallige godbitane som har vore innom denne vesle øya ute i havet. Det er ikkje rart at ein reiser til Ona med ei viss forhåpning om å få sjå noko virkelig sjeldent...

I år blei turen min til Ona lagt til veke 39. Nærmare bestemt frå og med den 21. til og med den 24. september. I løpet av desse nærmare fire dagane, så blei det sett litt av kvart. Eg fikk med meg artar som GULNEBBLIRE og ROSENSTÆR, begge svært sjeldne fuglar i Norge. Ellers så vart det også sett lokale sjeldenheiter som blåstrupe (svært sjelden Ona-art), gulbrynsongar og dvergspurv.

Her er nokre bilder av eit sjeldent syn på Ona. Ein ung blåstrupehann.
Blåstrupe 1K M, Ona 22. september 2015

Blåstrupe 1K M, Ona 22. september 2015

Blåstrupe 1K M, Ona 22. september 2015
 
Og så eit par bilder av dvergspurven...
Dvergspurv 1K+, Ona 22. september 2015
 
Dvergspurv 1K+, Ona 22. september 2015
 
 
Så nærme...
Den første dagen eg var på øya var det ikkje alt for mykje spennande å sjå, så eg tok meg ein tur på hamna på Ona der det var ein del måsar, for å sjå om det var mulig å ringmerke seg eit par. Eg kasta ut litt brød får å sjå om det var nokon som var svoltne på noko slikt. Og det var det. Eg la så ut fotsnara som eg brukar for å fange måsane. Etter ei stund så kom det flygande ein polarmåse. Den åt brødet som låg ved snara, men dessverre så fikk eg den aldri til å stige i lykka slik at eg kunne snare den. Hadde den tatt eit steg 3 cm fram frå der den stod på det nærmaste, så hadde eg hatt den... Nærmare enn det kjem ein ikkje.
 
Måsen såg ved første augekast ut som ein klassisk polarmåse. Men då den satt seg ned, så kunne ein tydelig sjå at det var ein del mørkt innover i nebbet. Den hadde også litt vel kraftige teikningar på skulderdekkfjørene. Det mørke i nebbet og dei kraftige teikningane på skulderdekkfjørene, kan kanskje tyde på at her er det gråmåsegener inne i bildet. Men samtidig så kan nok også ein rein polarmåse sjå slik ut(?). Ser ein på både stjert og vingeteikningar, så er det ingenting der som tyder på at det skal vere ein hybrid. Eg kallar den i alle fall for ein polarmåse her. Skullle andre meine noko anna så er det sjølvsagt lov.
Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015

Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015
Her i lag med 1K gråmåsar.

Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015
 
Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015


Eg tok også med meg drona mi til Ona. Dette gav meg muligheit til å ta nokre bilder av øya frå lufta. Tre av bilda eg tok kan du sjå under.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar