torsdag 7. mars 2013

Avlesing av ringmerka havørner

Den 25.februar var Alv Ottar Folkestad og eg på Skorpa i Herøy kommune for å telle villgeitene som held til der. På båtturen ut til øya kom vi over ein god del havørner, blandt dei var det ein fjorårsunge (2K) som eg trudde var ringmerka. Noko som viste seg å stemme. Etter å ha tatt nokre få bilder av ørna var ringen avlest. Den nye ringtypa som blei tatt i bruk i fjor gjer det ekstremt mykje lettare å lese av desse ringmerka ørnene. Før har siffera/bokstavane vore mykje verre å lese av då kontrastane mellom ringfargen og fargen på siffera/bokstavane, samt plasseringane av desse har gjort det vanskelig å få lest av ringkodene. På den nye ringtypa er kontrastane store, og ringkoda er plassert saman slik at den lett kan avlesast. Skulle ein for eksempel berre sjå siste delen av koda på den eine sida av ringen vil ein sjå den første delen av koda på den andre sida av ringen, dermed skal det svært mykje til og ikkje lukkast med avlesinga. Ein annan ting er at ringen er veldig stor, og dermed er det plass til store bokstavar og siffer, dette gjer det slik at ein med få problem også kan lese av desse ringane på langt hold ved hjelp av teleskop eller foto. Under kan du sjå eit bilde av fjorårsungen frå Skorpa med ein slik ring.

Havørn 2K, Skorpa 25.februar 2013
Havørna N001 vart ringmerka på eit reir i Fræna kommune i M&R i juni i 2012. Den 25.februar vart den som sagt funnen igjen på Skorpa i Herøy kommune ca. 111 km i frå ringmerkingsstaden. Totalt blei det i 2012 ringmerka ca. 100 havørnungar med denne nye ringtypa i Norge. Desse vart merka langs kysten frå Rogaland t.o.m. Nordland.


Frå Vatnefjorden til Sandshamna
Den 7.desember i fjor var eg ute og såg på måsar på Sandshamna. Rett før det vart mørkt vart eg oppmerksom på nokre havørner som holdt seg like ved. Dermed var det fram med teleskopet. Då viste det seg at ei av ørnene, ein årsunge (1K) var ringmerka. Ørna var då ca. 270 meter i frå der eg sto, men det var likevel få problem med å få lest av ringen. Og på ringen sto det N004. Ørna viste seg å ha blitt merka i Vatnefjorden i Haram kommune i M&R i juni i 2012. Avstanden frå ringmerkingsstaden og til Sandshamna er på ca. 70 km. I reiret der denne vart merka var der to ungar, den eine av desse vart samla inn og seinare overført til Skottland som ein del av overførings-
prosjektet.

Her er eit dokumentasjonsbilde av N004 som igjen viser kor enkelt det er å få lest av
 denne ringtypa. Dette bildet er tatt på ganske langt hold med ei brennvidde på 420mm.
Havørn 1K, Sandshamna/Sandsøya 7.desember 2012

Dermed er det berre å sjekke alle havørnene ein ser. For no skal det ikkje lenger vere uoverkomeleg å få lest av ringane på fuglane berre ein er klar over kor enkelt det er og dermed faktisk tek seg bryet å ta "skopet" opp frå sekken eller kanskje "fyre" av eit par ekstra bilder.

onsdag 6. mars 2013

Polarmåse, Sandshamna 06.03.13

I starten på denne månaden har det ved fleire anledningar blitt brukt ein del tid på å sjå igjennom alle måseflokkane på Sandshamna. Til tider har det vore veldig mykje fugl innom på hamna. Blandt det som har blitt sett er fire nye fargemerka gråmåsar som er merka andre stadar i landet (3 frå Hordaland, og 1 får M&R), men utanom dei så har det egentleg ikkje vore så alt for mykje interessant å sjå. I dag var det slik som det har vore den siste veka. Tidleg på dagen er det så og seie ingen måsar på hamna, men etter kvart som fiskebåtane startar å kome inn frå havet ut på ettermiddagen aukar også antallet med fugl betraktelig. Blandt måsane som dukka opp i dag var ein nydelig 1.vinter polarmåse. Dette var den første kvitmåsen innom på hamna så langt i mars. Ellers er det kjekt å sjå at våren så smått har komt. Fleire tjeldar har blitt sett dei siste dagane, samt at gravanda har komt for fullt.

Her er nokre bilder frå i dag.
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013
Ut i frå størrelse og grovheit må dette vere ein hannfugl.

Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013

Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013

torsdag 28. februar 2013

KASPIMÅSE, Sandshamna 28.02.13

I dag var det den andre dagen på rad med både nedbør og vind. Dette har gjort slik at antallet med måsar har tatt seg betraktelig opp på Sandshamna. Og blandt dagens rastande måsar dukka det opp ein gammal kjenning. For i dag var nemleg KASPIMÅSEN som eg såg rastande på Sandshamna den 18.februar på plass nok ein gong. Og i dag lukkast eg faktisk med å finne igjen fuglen etter at alle måsane hadde flygd opp og flytta på seg. For ein må nesten berre nytte øyeblikket når ein har ein slik raritet på plass... For det kan bli lenge til den neste sitte der. Ser ein vekk i frå kaspimåsen var der også ein rastande 2K polarmåse innom på hamna, samt at den 2K finskmerka gråmåsen C89PR fortsatt er på plass.

Her er nokre stillbilder frå video som viser måsen, samt ein lien videosnutt nederst.
Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013

Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013

Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013
Her ser ein tydelig dei viktige vingeteikningane. Ein kan blandt
anna sjå det fine og breie svarte båndet på P5 og også litt svart på P4.
Denne måsen har ei heilt klassisk vingeteikning, med den svært lange 
tunga på innfan av P10. Dette gjer då slik at det i tuppen på P10
 er meir kvitt enn svar.