torsdag 19. september 2013

Tartarpiplerke, gulbrynsongar og åkerrikse m.m. på Sandsøya/Voksa 17-19.09.13

Dei siste tre dagane har det blitt satsa ein del i felt, og då først og fremst på Voksa. Det er i hvertfall der "ting" har dukka opp. I føregårs den 17.september vart haustens første tartarpiplerke for M&R observert der. Denne vart sett på eit jorde som eg har døpt om til "tartarpipjorde". For eg trur at så mange som 75% av alle tartarpipane som har blitt observert på øyane har vore innom på dette jordet. Ellers så vart det sett ei svarthalespove, den andre før øyane i haust.
 Her er eit bilde av mi første tartarpiplerke for året.
Tartarpiplerke, Voksa 17.september 2013
Det er slik det er vanligast å sjå den, når den kjem flygande i store bølgedalar.
 
Litt seinare på dagen vart vika på sørsida av øya besøkt. Der vart det sett ein 1K grashoppesongar. Den hadde både metall- og fargering, dermed var det ein av songarane som eg fikk merkt i forrige veke på den samme lokaliteten. Etter at den blei sett gikk eg og "vasa" ei stund til i det lange graset. Då flaug det opp ei åkerrikse. Dette er berre det andre haustfunnet av arten på øyane.
 
Grashoppesongaren som blei sett på Voksa den 17. september var nok høgst truleg denne. Denne songaren blei merkt på den samme staden den 13.september, sist av i alt tre grashoppesongarar som blei merkt der i forrige veke.
Grashoppesongar 1K, Voksa 13.september 2013

Seint svartstrupekull...
For ei og ei halv veke sidan så såg eg ei av dei voksne svartstrupene bærande på mat i Sandsvågen på Sandsøya. Men eg såg berre ein av dei voksne fuglane, og heller ingen ungar. I går (18.september) vart det nok ein tur innom lokaliteten for å sjekke om der kunne vere nokre ungar å sjå. Like etter at eg stoppa bilen og åpna bilvinduet kunne eg høyre tiggande svartstrupeungar. Ja, ungar som nettopp har blitt flygedyktige. Dei hadde nesten ikkje stjertfjør eller vingefjør, og minst ein av dei hadde fortsatt mykje dun igjen i hovudet. Så desse ungane kan ikkje vere meir enn 2-3 veker gamle. Dette er då årets tredje ungekull. Det første kullet blei sjølvstendige i slutten av juni og etter det virkar det som det har gått kast i kast. Men rikeleg med ungar trengst, skal bestanden bygge seg opp igjen til slik den var fram t.o.m. 2009.
 
Her er ein av ungane frå det første kullet i år.
Svartstrupe 1K, Sandsvågen/Sandsøya juni 2013
 

Gulbrynsongar og dobbeltbekkasin...
I dag (19.september) var det tatt nok ein sveip over Voksa. Like etter at eg kom på land på øya fikk eg auge på min første gulbrynsongar for året. Denne sibirske trekkgjesten er det alltid like kjekt å "kome over". Etter dette så blei det ein del "trakking" i eit av dei mange strandrørfelta på Voksa. Der kom eg over øyane sin 2-3. dobbeltbekkasin. Dermed så er det litt av kvart på farta for tida, og forhåpentlegvis så dukkar bomba opp om ikkje så alt for lenge...


lørdag 14. september 2013

Fuglenytt frå Sandsøya/Voksa 13.08 - 13.09.13

Den siste månaden har det vore svært labert med aktivitet her på bloggen. Men lite aktivitet på bloggen vil ikkje seie at det ikkje har blitt satsa i felt. Det har i denne perioden blitt prioritert mykje ringmerking, då først og fremst med tanke på å få merkt grashoppesongarar og sivsongarar, men det har også blitt satsa på merking av både havsvale og gråmåsar. Både merkinga av grashoppesongarar og sivsongarar vil eg kome tilbake til i seinare blogginnlegg, det samme gjeld også for måsane. Når det gjeld sjeldenheiter så har det vore meget, meget lite å melde på den fronten. Den sjeldnaste fuglen som har vore innom den siste månaden, var øyane sin første vendehals. Den blei observert i Sandsvågen på Sandsøya den 8.september. Dagen etter vart det så sett eit nytt individ av arten, denne gongen på Voksa. Dette viser at ting er mulig, og i tida framover, så sant veiret tillet det så blir det nok meir "trakking" i felt, og forhåpentlegvis vil det også gi litt resultat i form av ein gobit eller to...

Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 2013

Ein annan observasjon som det er verdt å legge merke til frå den siste tida er at svartstrupeparet som har hatt tilhold i Sandsvågen på Sandsøya i år har nok eit ungekull på gong! Hofuglen vart sett aktivt matande den 8.september, men verken hannen eller ungane blei sett. Dette tyder då på at ungane i årets tredje kull fortsatt er veldig små. Og små ungar godt ut i september er ikkje akkurat vanleg... Så det skal bli spennande å sjå korleis det går. Slik forholda er no, med greie temperaturar og mykje insekt så burde det gå greit å fostre opp ungane.

Dvergsnipe 1K, Storeviksanden, Sandsøya, september 2011

Det har også vorte sett ein god del vadarar på trekk. Det har då vore snakk om artar som myrsnipe, tundrasnipe, dvergsnipe, sandløpar, grønnstilk, sotsnipe, skogsnipe osv. Men dette er meir eller mindre vanlege artar, så rariteten har ikkje dukka opp så langt.


Gråhegre i pleie...
For nokre dagar sidan blei Alv Ottar Folkestad kontakta av ein person frå Hallebygda på Gurskøya i Sande kommune. Der hadde det blitt funnen ein gråhegre som var forkomen. Det viste seg at det var ein nyleg uthoppa gråhegreunge som var avmagra. Dermed tok han den i pleie heime hos seg sjølv for å fore den tilbake i kondisjon. Men i og med at Alv Ottar Folkestad skulle ut og reise så fikk eg den store æra av å overta "oppforinga" for nokre dagar. Under kan du sjå fuglen få servert eit måltid.


fredag 16. august 2013

Havsvalefangst på Sandsøya

Den siste tida har det blitt satsa fleire netter på havsvalefangst. Havsvala er ein fugl flesteparten aldri har vore så heldige å få oppleve. Dette er fordi at skal ein oppleve denne arten så må ein ofte langt til havs. Det er nemleg der dei oppgheld seg det meste av tida. I hekkesesongen kjem dei først inn nær land og til hekkeplassen når det blir mørkt. På dagtig ligg dei enten å rugar i steinsprekker og jordholer, eller så er dei på næringssøk langt til havs. Desse fuglane er nærmast hjelpelause på land, og ville vore eit enkelt bytte for predatorar. Dette har dei då løyst ved å ikkje kome inn til kolonien før etter mørkets frambrudd. På Sunnmøre har vi eit par gode koloniar, der den eine er på godt over 100 par. I Norge er det faktisk berre her og i Nordland det er påvist hekking av arten. Men mykje tyder på at dei hekkar fleire stadar langst kysten. Som nevnt over så kjem ikkje havsvala inn til hekkeplassen før det blir mørkt. Dermed blir det også seint på sesongen før dei legg egg. Dei legg nemleg ikkje egg før ut i juni/juli, og også endå seinare. Då det er så mørkt at dei føler at det er trygt å kome til lands. Ruge- og reirtida er svært lang, ja på opptil 4 månadar. Ca.40 dagars rugetid, og vidare så tek den 50-80 dagar frå ungane klekker til dei er flygedyktige. (Havsvala legg berre 1 egg) I og med at den har ei lang ruge- og reirtid så er ikkje ungane flygedyktige før i slutten av oktober og vidare utover i november - desember. Går ein vidare nord til Røst, der dei også hekkar, utset dei egglegginga endå lenger enn her sør, då det er lenger ut på året før det er mørkt nok til at dei kjem til lands. Der er faktisk dei siste ungane ikkje flygedyktige før godt ut i desember, med etternølarar så seint som rett over nyttår. Etter at hekkesesongen er ferdig trekker dei sørover i det sørlige Atlanterhavet der dei tilbringer vinteren og våren. Havsvala blir svært gammal. Den europeiske aldersrekorda til den ca. 25 gram tunge fuglen er på 33 år.

Grei fangst...
I løpet av to heile og tre kortare netter så har eg fått 35 havsvaler i nettet i Hellandsvågane på Sandsøya. Eg har starta opp lydspelinga ca. 23.50 og holdt det gåande til rundt 04.00. Den einaste måten å få havsvalene i nettet på er nemleg å spele av songen til fuglane, då så høgt at lyden er godt høyrbar på havet utanfor. Så er det berre å sette høgtalaren ved nettet og vente på at havsvalene kjem flygande mot lyden. Natta til den 11.august og natta til den 14. august fikk eg henholdsvis 13 og 16 havsvaler, ellers har det dei nettene forholda har vore ugunstige berre blitt eit par ind. pr natt. Av dei 35 havsvalene som eg har fått i nettet så har det blitt tre kontrollar på fuglar med ring. Ein av desse blei ringmerka på Haramsøya i M&R i august i fjor. Dei to andre har eg ikkje fått svar på enda.
 
Her er nokre bilder av desse nydelige skapningane.
Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya 11.august 2013
 
Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya 14.august 2013

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya 14.august 2013

 Det vil bli satsa på havsvalemerking også i tida framover, då så ofte veir- og vindforhold tillet det.