lørdag 15. februar 2014

KASPIMÅSE m.m. på Sandshamna 15.02.14

I dag vart det nok ein tur på hamna for å sjå gjennom måsane. Målet var å finne igjen KASPIMÅSEN frå i går, og å få enda fleire bilder av fuglen. Nesten litt overraskande så var den faktisk fortsatt på plass. Den vart som i går sett for det meste ved fiskemottaket, der den var aktivt næringssøkande. Ellers var det som det har vore dei siste dagane eit enormt antall med måsar. Blant desse var det i motsetning til i går også sett kvitmåsar, då fordelt på
2 2K grønlandsmåsar og 1 2K polarmåse. Alle desse kvitmåsane er fuglar som har vore på plass sidan midten av januar. Ellers vart det ved Voksevegen, mellom Sandsøya og Voksa sett ein 3K sildemåse. Sildemåsen er ei stor sjeldenheit vinterstid, då dei fleste sildemåsane forlet landet, og normalt overvintrar lenger sør i Europa og nord-Afrika. (Dette gjeld dei vestlige underartane graellsii og intermedius)

Sildemåsen (3K/2.vinter) er det mulig å sjå bilde av her: http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/images/swe/birds/2014/large/391087.jpg
http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/images/swe/birds/2014/large/391088.jpg
http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/images/swe/birds/2014/large/391089.jpg

Når det gjeld kaspimåsen så er det ein av dei råaste fuglane eg har sett. Kombinasjonen lite pæreforma hovud, og langt relativt kraftig nebb gir den mildt sagt ein meget røff look. Det er akkurat slik ein vil at ein kaspimåse skal sjå ut!
Her er nokre bilder av "kaspien".
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.februar 2014
Ut i frå den generelle størrelsen, samt lite og avrunda hovud og ikkje alt for
kraftig nebb, kan det her vere snakk ein hofugl.

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.februar 2014

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.februar 2014

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.februar 2014

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.februar 2014

fredag 14. februar 2014

KASPIMÅSE på Sandshamna 14.02.14

Full aktivitet på fiskemottaket på Sandshamna.


Fortsatt høgt oppe etter M&R sin tredje gulbeinmåse i forgårs, hadde eg i dag igjen anledning til å få sjekka måsane på Sandshamna. Og måsar var der nok av, det var vel muligens ein stad mellom 2000-3000 fuglar å sjå innom på hamna. Veiret i dag var heilt perfekt, i hvertfall med tanke på å få flest mulig måsar inn frå havet. Når ein har "surt" ver, med vind og litt nedbør er det fleire måsar som følger båtane innomskjærs, og dei held seg ikkje på havet til den grad som dei ville ha gjort ved fint veir. Når alt låg så godt til rette for å finne både det eine og det andre, så var det berre å kome seg ut å få sett gjennom måseflokkane. Og ikkje lenge etter at eg hadde komt meg i felten small det! Denne gongen var det ikke ein gulbeinmåse, men i staden ein KASPIMÅSE! Tidligare så har eg sett 4-5 kaspimåsasar på Sandshamna, noko som også utgjer alle funna  av arten i M&R. Sidan eg såg mine første to kaspimåsar i februar i 2010, er det berre i 2011 eg ikkje har hatt kaspimåse innom på hamna.. Funna mine av kaspimåse og gulbeinmåse er dei nordligaste i Norge, og ser ein på funn totalt innan for landets grenser av "kaspi", er det heller ikkje så alt for mange titals av dei. Degge artane er rett og slett store sjeldenheiter her til lands. Dei nærmaste hekkelokalitetane til kaspimåse ligg i Polen og Tyskland, og dei overvintrar i moderate antall opp til Danmark og sør-Sverige. I Norge er dei fleste funna av kaspimåse frå Vest-Agder og Østfold.

Dagens måse var ein 2K/1.vinter fugl. Den vart oppdaga flygande ved fiskemottaket, og var litt til og frå ei stund. Først såg eg fuglen berre med augene. Det som var slåande ved måsen var kontrastane, då mellom kvit hovud og underside, vidare gyllen brune vingedekkarar, samt relativt mørke indre hsf. Det som også var påfallande var den atletiske kroppen, samt dei lange og svært smale vingene. Etter at eg fikk tatt bilder og sett nærmare på detaljar av fuglen, datt alle karakterane på plass, og det var ikkje lenger tvil om hvilken art det var snakk om. Eg kan vel trygt seie at eg drog litt på smilebåndet. For å finne både gulbeinmåse og kaspimåse i løpet av tre dagar, var mildt sagt over all forventning. Ja, det er nesten slikt ein ikkje tørr å drømme om.

Her er nokre bilder måsen...
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
I felt legger ein fort merke kontrastane i fjørdrakta. Den er i hovudsak farga
 i tre forskjellige fargar, kvit (underside, hovud, stjertdekkarar/indre stjert),
grålig (rygg og skulderdekkfjør), og gyllen brun (vingedekkarar). Ein skal
leite ei stund for å finne gråmåsar som viser liknande teikningar, men dei finst.
Då er det greitt å ha jizz, samt form på hovud og nebb å støtte seg til.
  
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
Her ser ein dei relativt mørke indre hsf. Desse er perfekt teikna for arten.
  
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
Legg merke til den smekre og elegante kroppen, samt dei svært smale og
lange vingene. Vidare ser ein godt det lange og smale nebbet, som i
samband med hovudform, og hovud og nakketeikningar gir den
ein røff "look".

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
Her viser måsen den veldig lyse vingeundersida, noko som er innertiar
for "kaspi". Dei kan riktig nok vise mørkare undre arm- og hånddekkarar enn
dette, men for at måsen skal vere 100% klassisk, må teikningne på
vingeundersida vere slik.


Første for Norge...
I løpet av den siste veka har det blitt lest av fleire gråmåsar med fargeringar som då ikkje er merkt av meg, eller for så vidt andre her på Sunnmøre. Dette har vore fuglar frå Hordaland, Vest-Agder og Østfold. I tillegg til desse måsane som er merkte innan for landets grenser, så har eg hatt ein som er enda meir interessant. Det satt nemleg ein voksen gråmåse på hamna den 11.februar med ein kvit fargering med svart skrift. Etter å ha gått inn på http://cr-birding.org/ og søkt gjennom fargemerkingsprosjekta der, fann eg ut at det måtte vere ein måse som er merkt på Guernsey like utanfor kysten på Frankrike, i den Engelske kanal. Etter å ha rapportert måsen til Paul K. Veron på nettsida http://birdrings.digimap.gg/, fikk eg vite at dette faktisk var den første gråmåsen som er merkt på Guernsey og som har blitt observert i Norge. I dag var den igjen på plass, denne gongen i Sandsvågen på Sandsøya.

Under kan du sjå eit bilde av måsen, samt sjå eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er plotta på kartet.
Gråmåse 7K+ (6.vinter eller eldre)
Gråmåsen 7CW6 vart ringmerkt som ein fullt utfarga, adult fugl den 21.mai i 2012. Ringmerkingsstaden er ei søppelfylling heilt nord på Guernsey. Dei to observasjonane av måsen på Sandsøya er dei to einaste av måsen etter merking.
Avstanden mellom Guernsey og Sandshaman er 1500km.

onsdag 12. februar 2014

GULBEINMÅSE m.m. på Sandsøya/Voksa 01-12.02.14

I løpet av månaden så langt så har det nesten dagleg blitt turar i felten. Der har det i hovudsak selvfølgelig blitt satsa på måsar. Vi er no nemleg inne i den beste perioda der det er mest fiskeri, og dermed er dette den tida på året det også er flest måsar å sjå. Tusen på tusen av fuglar er det no å sjå langs Sunnmørskysten, noko som direkte oversatt vil seie at muligheitene virkelig er der med tanke på å finne godbiten. Heilt sør i landet har det den siste tida blitt sett fleire gulbein- og kaspimåsar. Dette har berre vist at muligheitene er der. Her på nordvestlandet, heilt sør i M&R har det derimot vore heller labert med tanke på dei virkelige gobitane. Eg hadde riktig nok Sandsøya og Voksa sin tredje dvergmåse (adult) innom på hamna den 3.februar, men ellers så har det gått i grønlandsmåsar og ein polarmåse. Men det har då igjen vore snakk om stasjonære fuglar, og fint liten nytt.

I løpet av den siste veka har det derimot tatt seg kraftig opp, med fleire spennande avlesingar på fargemerkte gråmåsar, både frå inn og utland. (desse vil eg kome tilbake til i eit seinare blogginnlegg). Men fortsatt så har den virkelige prikken over i'en magla. Eller det vil seie heilt til i dag. I dag vart nemleg M&R sin tredje GULBEINMÅSE sett rastande på Sandshamna. Både i 2010 og 2011 vart det sett ein adult gulbeinmåse på lokaliteten, og eg har lenge ønska meg samme art, berre i ei annan aldersklasse. I dag fikk eg begge ønska oppfylt. For gulbeinmåsen som vart sett var nemleg ein 2K/1.vinter fugl. Denne nasjonale sjeldenheita, med ikkje alt for mange titals funn av totalt i Norge, vart først sett sittande med brystet rett i mot. Og gjett om det var verdt å sitte dei 15 minutta det tok før fuglen tok til vingene. Dess meir eg fikk sett av fuglen dess fleire karakterar var det som gikk i boks med tanke på sikker artsbestemming. Det er nemleg svært mange karakterar som skal stemme for å kunne claime gulbeimåse. Ein må jo tross alt kunne utelukke både gråmåse og sildemåse. Men når alt stemmer ned til den minste detalj er saka relativt grei...

Her er nokre bilder av dagens mest eksklusive.
Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
Ut i frå størrlesen på fuglen så må det her vere snakk om ei hoe. Legg spesielt 
merke til hovud og nebbform, samt jizz, alt dette er innertiar for "gulbein".
Vidare så kan ein legge merke til at den har mytt fleire små og mellomste
armdekkarar til 2.generasojns fjør. Akkurat slik det skal vere på denne
tida av året hos 2K gulbeinmåse.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
Her ser ein den lyse undersida som står i kontrast mot dei relativt mørke
undre arm- og handdekkarane. Legg også merke til det smale og fine stjert-
båndet, samt dei passelig fine og mørke indre hsf. med mørkt utfan og
lyst innfan.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
I flukt virka fuglen veldig smekker, med lange og smale vinger. Her er den
avbilda i lag med gråmåsar.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
Her står den atletiske gulbeinmåsen i blant tungbuka gråmåsar, og
ein 2K grønlandsmåse (rett tv. bak gulbeinmåsen)
 
For dei som har lyst til å studere gulbeinmåsar nærmare så er det eit veldig bra bildemateriale på denne sida: http://gull-research.org/ylg/1cyjuly.html 

 
Årets sjuande...
Så langt i år så har det blitt sett seks forskjellige 2K grønlandsmåsar på hamna. Av desse så har fem av dei vore stasjonære inntil nylig. I dag dukka årets sjuande grønlandsmåse opp, og som alle dei seks foregåande så var det denne gongen også snakk om ein 2K-fugl.
 
Her er eit par bilder av dagens grønlans.
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014