fredag 14. februar 2014

KASPIMÅSE på Sandshamna 14.02.14

Full aktivitet på fiskemottaket på Sandshamna.


Fortsatt høgt oppe etter M&R sin tredje gulbeinmåse i forgårs, hadde eg i dag igjen anledning til å få sjekka måsane på Sandshamna. Og måsar var der nok av, det var vel muligens ein stad mellom 2000-3000 fuglar å sjå innom på hamna. Veiret i dag var heilt perfekt, i hvertfall med tanke på å få flest mulig måsar inn frå havet. Når ein har "surt" ver, med vind og litt nedbør er det fleire måsar som følger båtane innomskjærs, og dei held seg ikkje på havet til den grad som dei ville ha gjort ved fint veir. Når alt låg så godt til rette for å finne både det eine og det andre, så var det berre å kome seg ut å få sett gjennom måseflokkane. Og ikkje lenge etter at eg hadde komt meg i felten small det! Denne gongen var det ikke ein gulbeinmåse, men i staden ein KASPIMÅSE! Tidligare så har eg sett 4-5 kaspimåsasar på Sandshamna, noko som også utgjer alle funna  av arten i M&R. Sidan eg såg mine første to kaspimåsar i februar i 2010, er det berre i 2011 eg ikkje har hatt kaspimåse innom på hamna.. Funna mine av kaspimåse og gulbeinmåse er dei nordligaste i Norge, og ser ein på funn totalt innan for landets grenser av "kaspi", er det heller ikkje så alt for mange titals av dei. Degge artane er rett og slett store sjeldenheiter her til lands. Dei nærmaste hekkelokalitetane til kaspimåse ligg i Polen og Tyskland, og dei overvintrar i moderate antall opp til Danmark og sør-Sverige. I Norge er dei fleste funna av kaspimåse frå Vest-Agder og Østfold.

Dagens måse var ein 2K/1.vinter fugl. Den vart oppdaga flygande ved fiskemottaket, og var litt til og frå ei stund. Først såg eg fuglen berre med augene. Det som var slåande ved måsen var kontrastane, då mellom kvit hovud og underside, vidare gyllen brune vingedekkarar, samt relativt mørke indre hsf. Det som også var påfallande var den atletiske kroppen, samt dei lange og svært smale vingene. Etter at eg fikk tatt bilder og sett nærmare på detaljar av fuglen, datt alle karakterane på plass, og det var ikkje lenger tvil om hvilken art det var snakk om. Eg kan vel trygt seie at eg drog litt på smilebåndet. For å finne både gulbeinmåse og kaspimåse i løpet av tre dagar, var mildt sagt over all forventning. Ja, det er nesten slikt ein ikkje tørr å drømme om.

Her er nokre bilder måsen...
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
I felt legger ein fort merke kontrastane i fjørdrakta. Den er i hovudsak farga
 i tre forskjellige fargar, kvit (underside, hovud, stjertdekkarar/indre stjert),
grålig (rygg og skulderdekkfjør), og gyllen brun (vingedekkarar). Ein skal
leite ei stund for å finne gråmåsar som viser liknande teikningar, men dei finst.
Då er det greitt å ha jizz, samt form på hovud og nebb å støtte seg til.
  
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
Her ser ein dei relativt mørke indre hsf. Desse er perfekt teikna for arten.
  
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
Legg merke til den smekre og elegante kroppen, samt dei svært smale og
lange vingene. Vidare ser ein godt det lange og smale nebbet, som i
samband med hovudform, og hovud og nakketeikningar gir den
ein røff "look".

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.februar 2014
Her viser måsen den veldig lyse vingeundersida, noko som er innertiar
for "kaspi". Dei kan riktig nok vise mørkare undre arm- og hånddekkarar enn
dette, men for at måsen skal vere 100% klassisk, må teikningne på
vingeundersida vere slik.


Første for Norge...
I løpet av den siste veka har det blitt lest av fleire gråmåsar med fargeringar som då ikkje er merkt av meg, eller for så vidt andre her på Sunnmøre. Dette har vore fuglar frå Hordaland, Vest-Agder og Østfold. I tillegg til desse måsane som er merkte innan for landets grenser, så har eg hatt ein som er enda meir interessant. Det satt nemleg ein voksen gråmåse på hamna den 11.februar med ein kvit fargering med svart skrift. Etter å ha gått inn på http://cr-birding.org/ og søkt gjennom fargemerkingsprosjekta der, fann eg ut at det måtte vere ein måse som er merkt på Guernsey like utanfor kysten på Frankrike, i den Engelske kanal. Etter å ha rapportert måsen til Paul K. Veron på nettsida http://birdrings.digimap.gg/, fikk eg vite at dette faktisk var den første gråmåsen som er merkt på Guernsey og som har blitt observert i Norge. I dag var den igjen på plass, denne gongen i Sandsvågen på Sandsøya.

Under kan du sjå eit bilde av måsen, samt sjå eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er plotta på kartet.
Gråmåse 7K+ (6.vinter eller eldre)
Gråmåsen 7CW6 vart ringmerkt som ein fullt utfarga, adult fugl den 21.mai i 2012. Ringmerkingsstaden er ei søppelfylling heilt nord på Guernsey. Dei to observasjonane av måsen på Sandsøya er dei to einaste av måsen etter merking.
Avstanden mellom Guernsey og Sandshaman er 1500km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar